Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Tilbyr foreldregrupper

Er du forelder og lurer på ting i samband med oppdraginga av barnet ditt? Skulle du gjerne hatt andre foreldre å snakke med, få råd av og dele erfaringar med? Då har Tysvær kommune eit unikt tilbod til deg.

Av Mona Terjesen

Dei siste to åra har kommunen tilbydt foreldrevegleiing gjennom såkalla ICDP-grupper (International Child Development Programme). Tre av helsesøstrene i Tysvær (snart fire) er sertifisert til å leie slike foreldregrupper. Kvart år har dei to grupper, med åtte foreldre som går kvar tysdag ettermiddag i åtte veker. Samlingane skjer i Aksdal helsestasjon sine lokale.
– Mødrer og fedrar er travle i dag. Det kan vere krevjande å vere foreldre. Kvardagen er travel og det blir lite tid til å tenke over samspelet med barna. Ofte lurar ein på kva som er rett og galt, korleis ein skal takle ting, korleis sette grenser osv. Dette kan det vere godt og fornuftig å få snakka med andre foreldre om. Det får dei i desse gruppene, fortel helsesøstrene Irene H. Vestvik, Torunn Grannes og Rita B. Førland.
Torunn er snart ferdig sertifisert gruppehaldar, dei to andre har drive på sidan tilbodet starta. Det same gjeld Gunvor H. Vik.

Les heile saka i papirutgåva