Daniel Holmeide Strand er klar for sin aller første Macron Vintercup. Kampoppsettet blir klart i slutten av januar.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Daniel Holmeide Strand er klar for sin aller første Macron Vintercup. Kampoppsettet blir klart i slutten av januar.

Klar for sin første vintercup

Daniel Holmeide Strand er dagleg leiar i Skjold. Nå er han klar til å ta i mot påmeldingar i vintercupen.

Macron Vintercup er ein suksess, men samstundes ein jobb å få i gong. Etter berre nokre månadar i dagleg leiar stolen er han spent på kva den populære turneringa er for noko.
– Ja, det skal bli spanande. Eg har berre høyrt positive ting så langt, og dei første laga har allereie meldt seg på. For oss er den største jobben å sette opp puljar og så få cupen i gong. I slutten av januar er me klare til avspark, smiler Holmeide Strand.
Bredt tilbod
Både a-lag og juniorlag er invitert til å vere med. 3., 4. og 5. divisjonslag for seniorane skal møtast gjennom vinteren før finalen går i Grinde i slutten av mars. Då vil vinnarane få med seg saftige gåvekort frå utstyrsleverandøren.
– Eg trur dette er ein suksess mest fordi laga får jamn og solid matching gjennom heile vinteren. Det er kort forklart treningskampar satt i system, men kor det er ei gulrot med finalespel i slutten. Me håper det blir ei rekke lokale godbitar utover, seier Skjold-leiaren.

Les heile saka i papirutgåva