Espen Eriksen imponerte nok ein gong saman med Gunnar Halle. Denne gongen i Aksdal kyrkje.
Espen Eriksen imponerte nok ein gong saman med Gunnar Halle. Denne gongen i Aksdal kyrkje.

Melodiøs gåvepakke

Når ein skal heidre trufaste kyrkjehjelparar er ein konsert med Espen Eriksen og Gunnar Halle midt i blinken.

Espen Eriksen har ei fortid som vikarierande organist i Aksdal Kyrkje. Nå var han invitert heim att til ein konsert saman med tropetist Gunnar Halle. Med utgangspunkt i plata «Psalm» skulle duoen heidre trufaste medhjelparar i kyrkjelyden. Og sjølv om ikkje alle i salen visste heilt kva dei gjekk til, så enda det godt på alle måtar.
For duoen sin suksessformel er like enkel som den er genial. Ein plukkar ut nokon av dei mest kjente og kjære songane i salmeboka, strippar dei og serverar melodiøse jazzperler i den andre enden. Og når desse to karane gjer det, er det kvalitet frå første tone i «Se vi går opp til Jerusalem» til lufta bokstaveleg talt går ut av avslutninga, «O, bli hos meg».
Musikalsk er konserten ei opplevingsreise i Eriksens pianokomp og Halle sin meir tydelege solotrompet. Det er ei overflod av lydar, rytme og klangar. Lytt og du får ein ny musikalsk oppleving for kvar gong. Halle sin sarte, men også tidvis kraftfulle måte å spele trompet på har gjort ham kjend ovr heile Noreg. Og det beste av alt, det fungerar. Det er så «tight» at ein nærast kjenner fysisk korleis dei tenkjer og finn kvarandre musikalsk i kvar einaste salme.
I Aksdal kyrkje kom det omlag 200, også fleire vener og familie av Eriksen. Det var ein venleg og lett humoristisk undertone i snakket mellom songane. Og det passar godt, for sjølve musikken kan virke både tung og mørk.
Dei aller fleste songane finn ein igjen på plata, men duoen hadde sjølvsagt allereie laga nye tolkingar. Den beste versjonen var avslutningssalmen «O, bli hos meg». På CD-en berre litt over eit minutt lang, nå med heilt ny lang og spanande intro av Eriksen på pianoet. Slik kan ein gjere noko magisk, endå meir magisk.
Totalt sett ei sterk oppleving nok ein gong. Kyrkja i Aksdal fungerte perfekt til ein slik konsert, sjølv om lyden var noko ujamn. Men dette skulle være nært, tett og som ei takk til ei stor gruppe flotte menneske. Det var det i aller høgste grad.

Faktaboks

Konsert
Aksdal Kyrkje
Espen Eriksen, piano
Gunnar Halle, trompet
Omlag 200 frammøtte
1.30 min.
Det beste og meste frå «Psalm»