Bård Tufte Johansen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Bård Tufte Johansen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Tettpakka moro

Bård Tufte Johansen meinte skråsikkert at om han ramla på sjøen så ville ingen gidda å hoppe uti for å redde han.

Vel, etter «Mann 44» i Tysværtunet, er det nok ein del der som hadde hoppa.
For det blei ein latterleg bra kveld i storstova. Tufte Johansen gjekk rett på og tok ein lokal opning, som fekk opp latterdøra frå første sekund. Utover i showet bølgja det att og fram og ingen sak var for liten, eller stor, til å bli spøkt med.
Av og til litt på kanten, men aldri over. Lun humor, med gode stikk slår ann. Ein skjønar raskt kvifor TV-kjendisen også har suksess på scenen.
Når ein tar utgangspunkt i seg sjølv og sine eigne problem og utfordringar er ein sjølvsagt på heimebane.
Og sjølv om Tufte Johansen er redd for at om han, og menn på same alder, ikkje blir prioritert om dei skulle hamne i sjøen, så klarte han likevel å få fram mykje godt om denne gruppa menn likevel, i løpet av den timen og tjuve minutta han var i aksjon.
Showet er eit soloshow, men likevel ein større standopproduksjon. Lyd og lys var perfekt og timinga var presis.
At det var utselt opnar også for fleire slike standupkveldar. Akkurat no er nok Tufte Johansen i elitestallen, men der er det fleire. Så det er vel ikkje feil å seie at mange vil ha meir å le av i Tysværtunet.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

«Mann 44»
Bård Tufte Johansen
Talkshow
Tysværtunet
Fullt hus
1 t.20 min.

Om livet små og store banalitetar.