Espen Eriksen og Gunnar Halle leverte nok ein gong i kyrkjerommet. Mange hadde funne vegen til Aksdal Kyrkje i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Eriksen og Gunnar Halle leverte nok ein gong i kyrkjerommet. Mange hadde funne vegen til Aksdal Kyrkje i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

For ei gåve til dei trufaste…

Å gi dei som stiller opp for soknet dag ut og dag inn, ein jazzkonsert i gåve, var ingen dum idé. Spesielt ikkje nå Espen Eriksen og Gunnar Halle sto for musikken.

Omlag 200 personar møtte opp i Aksdal kyrkje i kveld for å høyre duoen. Og dei fekk høyre høgdepunkt frå plata «Psalm» som dei to har hausta mykje ros for.
Rett nok vil det alltid vere nokre i salen som synast dei er vel langt bore frå melodilinja i salmane, men etter kvart hadde dei fått takk i jazzversjonane.
Espen Eriksen frå Grinde har tidlegare vikariert ved orgelet i kyrkja og var skikkleg på heimebane. Saman med sin makker Gunnar Halle serverte og trollband han i godt over ein time.
Høgdepunkt?
Våre tre favorittar i kveld var: «Velt alle dine veie…», «Vår Gud han er så fast ein borg» og ein fantastisk avslutning med vår favoritt frå plata «O, bli hos meg». Betre kan det ikkje gjerast.
Dei to er også invitert til årets Vossajazz.

Meir om konserten, som også var open for dei som ville, i papiravisa neste torsdag.

Her vår melding av plata då den kom ut:
https://tysver-bygdeblad.no/2014/08/10/eit-meisterverk/

Faktaboks

Konsert
Aksdal Kyrkje
Espen Eriksen, piano
Gunnar Halle, trompet
Omlag 200 frammøtte
1.30 min.
Det beste og meste frå «Psalm»