Endeleg får Roy Helge Hank Furuly Andersen klede å jobbe i. Han purra i to år utan hell. Ein dag etter at Bygdebladet tipsa kommuneleiinga, var problemet fiksa. 
Foto: Mona Terjesen
Noko av det Einar og Veronika synst er kjekkast med denne sporten, er at også ungane kan vere med. Og dei liker det alle saman.

Heftige treningar

Det gjekk heftig for seg då 26 politistudentar øvde på maktbruk, konflikthandtering og sanitet – på gamle Stegaberg skule.

Av Mona Terjesen

Heilt sidan 22. juli 2011, der 77 uskyldige menneske mista livet under Anders Behring Breivik sitt angrep, har politiet auka fokuset på avvæpning og sanitet.

Ekstreme situasjonar
Under terrorhendinga for tre og eit halvt år sidan, stod politiet aleine i ein svært vanskeleg situasjon, der dei måtte redde liv, avvæpne ein massemordar og handtere ein krisesituasjon – på kort tid. Etter den verste tragedien som nokosinne har ramma Noreg, har altså våpenbæring, avvæpning og betre sanitetskunnskap vore både diskutert og satsa på i politiet.
Førre veke fekk media sjå korleis politistudentane førebur seg på ekstreme situasjonar i teneste. På gamle Stegaberg skule var dei 26 studentane, samt ein god gjeng instruktørar samla for operativ øving.
– Politiet må vere førebudd på å vere først på staden. Blir ein kollega skoten, eller eit anna offer, så må me vite kva me skal gjere inntil ambulansen kjem. I tillegg skal me sjølvsagt få kontroll på gjerningsmannen. Politiet har hatt auka fokus på dette dei siste åra, fortel praksisansvarlig hos Haugaland og Sunnhordland politidistrikt Thomas Jensen.
Mens me snakkar om temaet, får me vere vitne til ein fiktiv situasjon der ein politimann blir skoten. Partnaren hans må først «spele ut» gjerningsmannen, så stoppe kollegaen sin bløding – og forhåpentleg redde livet hans, i påvente av ambulansehjelp.

Les heile saka i vår papiravis som er for sal nå.