Willy Smedsvik og Åge Wee med diplom og miljøprisen «Gullklypa». Det er prisar som inspirerer.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Willy Smedsvik og Åge Wee med diplom og miljøprisen «Gullklypa». Det er prisar som inspirerer.

Måtte (gull)klype seg i armen

Willy Smedsvik og Åge Wee er svært sentrale i ryddinga av Smedasundet. Nå kan dei pynte kontoret på Frakkagjerd med diplom og gullklype.

– Dette er store greier for oss. At me blir trekt fram og fekk prisen på vegne av Project Aware Smedasundet, viser at det store dugnadsarbeidet me gjer blir lagt merke til, fortel dei to vinnarane.
Under ein seremoni og kurskveld på Litteraturhuset i Oslo fekk dei miljøprisen «Gullklypa for 2014». Hold Norge Rent står bak prisen som blei delt ut for 11. gong.
Dugnad
Sjølv om dei to er raske med å fortelje at sjølv om dette er ein stor dugnad, som har involvert mange både i sjøen og til lands, så er det stort at Hold Norge Rent har funnet fram til gjengen frå Haugalandet.
– Me har lukkast med å få til ein dugnad som involverer mange, og som allereie har gitt eit godt resultat. Me har allereie tatt opp 18 tonn med skrot, men tippar at det er dobbelt så mykje igjen. I tillegg er det deler av Smedasundet me ikkje har testa ut til nå.
– Kor er det prosjektet har fokus?
– Det er for mange eit kjend område langs Indre Kai. Det er frå Mackkjellaren til Maritim. Ikkje uventa er det ølboksar og tomflasker som dominerar, men me har funne langt meir alvorlege ting enn det. Bilbatteri er det verste. Her er det i tillegg til ein del nyare søppel, rester frå både 1960- og 70-talet som framleis ligg og forsøplar, seier Åge Wee.

Les heile saka og sjå bilete frå havets botn i papiravisa.