Godt fornøyd med innsatsen i Bergen. Tysvær Brass får NM-resultata i kveld i 21-tida. Foto: Brit Iren Meland
Godt fornøyd med innsatsen i Bergen. Tysvær Brass får NM-resultata i kveld i 21-tida. Foto: Brit Iren MelandBilde 1 av 6
Skjermbilde 2015-02-07 kl. 14.55.01
Bilde 2 av 6
Skjermbilde 2015-02-07 kl. 14.55.11
Bilde 3 av 6
Skjermbilde 2015-02-07 kl. 14.55.22
Bilde 4 av 6
Skjermbilde 2015-02-07 kl. 14.57.14
Bilde 5 av 6
Tysvær Brass 2015
Tysvær Brass 2015Bilde 6 av 6

Ventar spent på resultatet

Tysvær Brass var i aksjon i Grieghallen under NM i Brass like før klokka 13.30. Nå ventar ein spent på resultata i 4. divisjon.

Dei 32 musikntane spelte stykket «Tallis Variations» og har fått mykje ros etter framføringa.
– Dette er eit stykke også fleire andre har spelt her i helga. Mellom anna i 2. divisjon og fleire kom for å høyre korleis eit korps i 4. divisjon takla det. Og det var mykje skryt og ros å få. Dirigenten vår Malvin White har vore med oss både under ei samling og den siste intensive veka med øvingar. Det har gitt resultater, seier Tore Gard i Tysvær Brass.
Resultata kjem i kveld omlag klokka 21.
– Kva gjer ein fram til det?
– Det er kjekt å sjå at fleire av musikantane er att her i Grieghallen og høyrer på andre korps. Det er ein fantastisk fin stemning her og alle kosar seg saman med likesinna. Det blir ein del korpspreik og det synast eg er fint. Så blir det spanande å sjå kva domarane meiner om prestasjonen vår, seier Gard.
– Og målet er?
– Først og framst å halde seg i 4. divisjon, men draumen er å vere blant dei beste i denne divisjonen. Men det er tøft nok for her har det vore høg kvalitet, avsluttar Tore Gard.