FordRekord sin nye vokalist Lars Wegner Sørensen (t.h.) og tysværbuen Jon Terje Aksland gav alt då bandet lanserte si nye plate på Skala i helga.
FordRekord sin nye vokalist Lars Wegner Sørensen (t.h.) og tysværbuen Jon Terje Aksland gav alt då bandet lanserte si nye plate på Skala i helga.

Folkeleg og fargerikt

FordRekord er klar med sitt tredje album, Disco/Noir.

Albumet er eigentleg to EP-ar gitt på kvar si side av ei rød vinylplate.
Det kan virke som om FordRekord har blitt meir «folkelege» i musikken sin. Den er lettare og meir radiovenleg enn tidlegare. Eit godt eksempel er ein fengande «Repetisjon», frå «Disco» sida av plata. Den blir følgt av radiosuksessen «Den kvelden eg traff mamma».
Og det svingar og det er kvalitet. Lydbilete er behageleg, langt meir enn det er live, kor vokal har ein tendens til å forsvinne i eit hardtjobbande og kompakt band.
På den førre utgivinga «Hei, e du min by?» noterte me oss at «vår mann» Jon Terje Aksland hadde fått ein meir høyrbar posisjon i bandet. Nå er gitarlyden ein heilt annan igjen. Aksland meir krydrar i lydbilete, enn dominerer. Det funkar, men eg har ein mistanke om at FordRekord hadde vore endå tøffare om Aksland hadde fått litt friare tøylar, slik han delvis får i «Perfekte forhold».
«Disco/Noir» er eit godt stykke arbeid. Det ein utgiving som kan få fart på festen, men også som musikkfølgje på jogge- eller bilturen. Det er på ein måte festmusikk, som også kan fungere i ikkje fullt så festlege lag.
Skal ein peike på noko som trekk ned inntrykket er det at bandet kanskje drar det noko langt når det gjeld spenn i musikken. Det svingar frå det enkle og kompakte, til flørt langt ut i teknojazz-baserte låtar. Eit eksempel på det er «Romeo og Julius», som med ein kul start etterkvart glir over i det meir kjedelege…
Likevel blir ein sittande å høyre fleire songar om og om igjen. Mest fordi dei er «kule», men også for at ein finn noko nytt i teksten kvar gong dei surrar og går. Og der er det mykje å høyre etter. Gjenkjennande i det eine augeblikket, heilt fjernt for meg i det neste. Men slik er FordRekord og slik har publikum trykka dei til sitt bryst.
Sjølvsagt hjelper det å ha ein radiohit som lokomotiv. Å gi ut LP med raud vinyl er også noko store deler av fanskaren takkar for.
Favorittar? Då går eg for «Tegna krusedullar» og «Repetisjon». Skru opp lyden og lytt.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

FordRekord
Disco/Noir
LP

Skjermbilde 2015-03-02 kl. 10.36.26

Jon Terje Aksland
Lars Wegner Sørensen
Lars Eirik Støle
Leif Åge Vestbø
Ole-Jørn Borum
Øyvind Børgesen
CCaP 2015