Statens Vegvesen skal stenge Førretunellen.
Statens Vegvesen skal stenge Førretunellen.

Nå er det stengt

Klokka 09.00 i dag morges blei Førretunellen stengt. – Det ser ut til at dei fleste har fått med seg at det var i dag me skulle stenge. Berre eit par vogntog har svinga feil i Aksdal til nå. Det er berre personbilar og buss i rute, som skal kjøre Førresbrekka, seier prosjekleiar Einar Færaas.

Kor lenge tunellen blir stengt er usikkert, men det er ganrantert i fleire månadar framover.
– Nå har dette vore skilta og annonsert lenge, så det tru me skal gå greit. Grunnen er todelt. Stengt tunell gjer at arbeidet går raskare og at det er tryggare for dei som jobbar at trafikken nå går rundt. Me ber alle vise omsyn i denne perioden, både til dei som arbeidar her, men også til andre trafikantar, seier Færaas.

Les også vår leiar om stenginga:
https://tysver-bygdeblad.no/2015/02/19/om-11-dagar-er-det-stengt/