Her vil me bygge og her vil me bu…

Denne veka har me rikeleg med sider, kor tema er Bygg & Bu. Slike temanummer er det mange av, og det er tydeleg eit tema aviser aldri kan skrive seg tomme på.

Grunnen er sjølvsagt at bygging følgjer ein gjennom heile det vaksne livet. Nyetablering, oppussing og alltid ein jakt på nye mulegheiter.
Tysvær er på ein måte «midt i leio», når ein tenker etablering på Haugalandet. Kampen mellom sentrum i vest og «på landet» i aust gjer oss attraktive. Likevel sit ein igjen med ein del spørsmål, etter å ha jobba nokre veker med eit Bygg & Bu nummer.
– Kva er det folk eigentleg er på jakt etter?
Me har snakka med Odd Hansen prosjekt, som i desse dagar legg siste hand på blokka «Utsikten» i Aksdal. Dei kan informere at dei aller fleste som skal flytte inn, også tidlegare hadde adresse i Tysvær. Det betyr at mange har jakta på eit alternativ til store eigedomar og hus, bygd den gongen plenklypping var ein livsstil.
Me har snakka med salssjefen i Utvik AS som skal bygge leilegheiter på Førland, tilrettelagt for unge huskjøparar, som ikkje har fått lån i banken, men som difor må jakte på andre alternativ.
Me har snakka med Tysvær kommune, som framleis har bustadtomter for sal i nesten heile kommunen. Dei er det dessverre ikkje så mange som jaktar på.
Difor ser jaktbilete ut til å vere ein intern rotering av tysværbuar, på jakt etter noko annleis i sin eigen kommune.
– Neste spørsmål er; korleis vil framtida sjå ut?
Umuleg å svare på, men me ser nå ein langt tydlegare forventning om ei fortetting av allereie etablerte bustadfelt i kommunen. Aksen frå Haugesund grensa til Grinde skal tettast og kvar «flekk» skal vurderast til bustadformål. Spennande, ikkje minst fordi det er ein måte me ikkje har sett utnytta her før. Det er store planar om fortetting i Vestli – Førre, på Frakkagjerd og i Aksdal. Mange ønskjer det. Dei som ikkje ønskjer det vil likevel få sine tilbod om eit hus på landet, i Nedstrand, i søre-Tysvær, i Skjoldastraumen eller på strekninga Førland-Troppene.
Tysvær står framfor eit formidabelt press i åra som kjem. Bustadpolitikken må opp på eit langt høgare nivå enn det den er i dag. Diskusjonane må handle om kva ein kan få til, og ikkje kva ein ikkje kan. I ei tid kor reguleringsplanar blir pressa frå alle kantar, må ein tørre å ligge i forkant og satse. Me ser ein trend som fortel at mange vil bu sentralt i Aksdal, i leilegheiter og i alle prisklassar. Me ser at dei som ønskjer seg hage og hekk, då kan kjøpe opp frå dei som flytter inn i blokk. Men ein dag er ikkje denne balansen der, og då må kommunen ha fleire kort på handa, kort som kan realiserast raskt.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør