Ein Audi med fire mistenkelege personar er stoppe rett ved anlegget på Kårstø. HV-soldatane har full kontroll og sjekkar ut bilen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ein Audi med fire mistenkelege personar er stoppe rett ved anlegget på Kårstø. HV-soldatane har full kontroll og sjekkar ut bilen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

HV 08/205 passar på Kårstø-anlegget

Det er ei stor HV-øving på Haugalandet denne veka. Eit av områda kor det er sterkt fokus, er rundt Kårstø-anlegget. Der må ein rekne med å bli sjekka.

I dag, torsdag, var også stortingsrepresentant Sveinung Steinsland venta på besøk til ein nøgd, men litt vår gjeng med HV-soldatar. Han ville sjå korleis HV-styrken løyser sine oppdrag.
– Me har fleire kontrollpostar rundt anlegget og saman med gode markørar har me klart å få til ei god øving. Det var trist at det blei vått i dag, men humøret ser ut til å vere på topp for det. Me har ein viktig jobb med å sikre anlegget her. Det er svært område, men me har fått oss gode rutinar. Me tar dette på alvor og då får ein eit godt innblikk i HV sine oppgåver, seier Lt Strand og Lt Børgesen.
Og at soldatane tar øvinga på alvor fekk Tysvær Bygdeblad oppleve i krysset mellom Kårstøvegen og E39. Sjølv om me var invitert til å komme å fotografere på øvinga, blei me kontant stoppa då me prøvde å ta nokre bilete på kontrollpunktet.
– Dette er ei øving, men me sjekkar alle som kjører forbi og det inkluderar også deg. Men det ser greitt ut og her har me ein god gjeng som er i same tropp som dei i porten på anlegget. Vår hovedjobb akkurat nå er å observere og notere ned alle som passerar, meldte ein av HV-soldatane etter at Bygdebladet var klarert.

Øvinga avsluttas fredag.

Meir i Bygdebladet neste veke.