Her er det ikkje tillatt å kjøre, men likevel eit alternativ for mange i dag.
Her er det ikkje tillatt å kjøre, men likevel eit alternativ for mange i dag.

– Kva var det me sa?

Mange har frykta at større kjøretøy ville ta snarvegen gjennom Førresdalen og Granlivegen, når tunellenpå E134 blei stengt. – Me har mange barn, men ingen å miste, seier frustrerte naboar.

Store bilar både opp og ned Granlivegen blei knipsa då dei tok snarvegen. Og det var ikkje lenge å vente før synderane kom. Det er gjennomkjøring forbode i Granlivegen, og desse to i rundkjøringa ved Førre skole er ikkje dei einaste.
– Kva var det me sa, skriv ein nabo i ein tekstmelding, og viser mellom anna til fleire saker i Bygdebladet kor det er sagt tydeleg at dette ikkje er ei alternativ rute for bilar og trailarar i byggeperioden.

Nå vil naboane varsle politiet.

Skjermbilde 2015-03-05 kl. 17.35.10