Kai Nordal inspiserer tomta på toppen av Eikelunden på Førland. Går alt etter planen flyttar det folk inn her til jul.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kai Nordal inspiserer tomta på toppen av Eikelunden på Førland. Går alt etter planen flyttar det folk inn her til jul.

– Tar omsyn til dei unge

Utvik AS har hatt stor suksess med å bygge leilegheiter for ungdom og førstegongs etablerarar. Nå er dei i startgropa igjen.

Denne gongen er det snakk om to gonger fire leilegheiter på toppen av Eikelunden på Førland.
– Me fekk sjansen til å kjøpe nabotomta til der me allereie har bygd og selt åtte liknande bustadar. Det var eit prosjekt som me heilt klart såg det var ei trong for, og me reknar med, og håper at det same gjeld nå. Me ser at det er blitt mykje vanskelegare for unge førstegangskjøparar å komme seg inn i marknaden. Det har me prøvd å gjere noko med, seier salssjef Kai Nordal.
– Kva er det som er problemet?
– Bankane har nå heilt andre krav til eigenkapital enn berre for eit par år sidan. Har ein ikkje føresette som kan vere kausjonistar, eller 200.000 – 300.000 på konto, står ein svakt i banken. Me såg at det var eit problem, og at det var noko me kunne gjere noko med. Difor starta med ei avdeling i verksemda vår som me kallar «Leie og eie». Kall det gjerne for ei tvungen sparing, men det heile går ut på at ein leiger og set av eit fast beløp kvar månad, som til slutt blir den eigenkapitalen ein treng for å få eit bustadlån. Dette har me fått mykje ros for, og det har ikkje minst opna døra for ein del unge huskjøparar, seier Nordal.

Les heile saka i papirutgåva

Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2015/03/05/her-vil-me-bygge-og-her-vil-me-bu/