Gravplassen i Tysværvåg er full. No tar kommunen kontroll over tomtetvisten, og eksproprierer arealet dei treng for utbygginga.
Gravplassen i Tysværvåg er full. No tar kommunen kontroll over tomtetvisten, og eksproprierer arealet dei treng for utbygginga. Foto: Mona Terjesen

Tar tomta med tvang

Tomteeigaren som ikkje vil gi frå seg areal til utbygging av gravplassen i Tysværvåg, blir no tvungen.

Av Mona Terjesen
Kommunestyret gjorde førre veke eit ekspropriasjonsvedtak i kyrkjegardsaka. No søker rådmann Arvid S. Vallestad fylkesmannen om lov til å overta det 8,6 dekar store arealet utbygginga treng – før kommunen er komme til einigheit med grunneigaren.
Kritisk
Gravplassen er sprengt slik han står i dag, og behovet for meir plass er skrikande. Derfor gjer ein no altså eit vedtak som tvinger grunneigaren til å gi arealet frå seg til Tysvær kommune.
– Situasjonen er allereie kritisk med tanke på kapasiteten, og utvidinga av gravplassen er av samfunnsmessig stor betyding, presiserer rådmannen.

Les heile saka i papirutgåva.