Tysvær kommune tar høge radonmålingar på alvor, melder kommunelegen. Illfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Tysvær kommune tar høge radonmålingar på alvor, melder kommunelegen. Illfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Tysvær tar Radon på alvor

Tysvær kommune har tatt utfordringa med radon på alvor og gjort systematiske målingar i alle offentlege bygg. Det skriv kommunelegen i ei pressemelding.

Her er heile meldinga som er sendt ut etter at det var kjent at Tysvær var eit av område i Rogaland kor det er høge målingar på Radon:

«Målingane ved fleire skular og barnehagar viser verdiar over maksimalgrensa på 200 Bq/m3.
Statens Strålevern gir råd om at ein skal prøva å redusera radonpåverknad til lågaste verdi som er praktisk og økonomisk mulig. Ved målte verdiar over 100 skal ein alltid setja i verk tiltak. Ved verdiar over 200 skal ein ta i bruk tiltak i fleire etappar. Dersom kontrollmålingar viser at ein ikkje er under 200 etter første etappe, skal nye tiltak setjast i verk. Dersom ein ikkje klarer å redusera forekomst til under 200, må slike rom ikkje brukast til undervisning og opphald, meir enn unntaksvis eller i korte tidsrom.
Eg vil peika på at radon ikkje utgjer nokon akutt helsefare – det er produktet av radonkonsentrasjon og tida ein er utsett for radon over eit heilt liv som kan føra til helseskade. Det er ikkje noko eigentleg nedre grense når det gjeld helseskade av radon. På same vis som ved tungmetall og ulike miljøgifter hoper den skadelege effekten seg opp over tid. Derfor skal ein alltid prøva å redusera tid og mengde radon ein vert utsett for til eit minimum innafor det som er praktisk mulig.
Radonpåverknad auker faren for å få lungekreft. Det er gjort overslag som tyder på at ein person som eit heilt liv oppheld seg i eit miljø med 800 Bq/m3 kontinuerleg, vil ha ein risiko for lungekreft på om lag 1%. Dersom ein røykande person vert utsett for same radonpåverknad, vil denne personen ha ein risiko for lungekreft på 20%.
Tysvær kommune set nå opp tiltaksplanar for reduksjon av radonpåverknad – både hastetiltak og tiltak for permanent reduksjon av radonpåverknad.»

Lars Johan Lysen
Kommuneoverlege