To sider i eit Pondus-blad er verd nokre kroner...
To sider i eit Pondus-blad er verd nokre kroner...Bilde 1 av 3
Skjermbilde 2015-03-20 kl. 14.32.01
Bilde 2 av 3
Skjermbilde 2015-03-20 kl. 14.33.20
Bilde 3 av 3

Pondus + Tysvær er sant

Noregs beste og mest solgte teikneserieblad er etter manges meining Pondus. Livet i Pondus bar er fast månadslektyre for ufatteleg mange nordmenn. Og dei som gir ut bladet har funne oss i Tysvær. To gonger i løpet av kort tid, er me komme med i bladet. Det er god reklame for «litle» Tysvær.

Det begynte med eit dobbeltoppslag i fjor haust. I eit ironisk innlegg heiter det i overskrifta «Påkjørt grevling har onkel i Tysvær». Me les det som ein hyllest til oss sliterane i norske lokalaviser.
Denne veka kjem Pondus ut med dobbeltnummer kor eliteserien i fotball, både blir presentert, men også får så hatten passar.
– Det er godt det heiter Tippeligaen og ikkje eliteserien. Det er ikkje mykje som liknar elite der i garden. Men med Tippeligaen så kjem det fotballbingar til stadar som Tysvær, heiter det i leiaren.
Så får me leve med at me blir kalla tysværingar og ikkje tysværbuar….

Så Frode Øverli og Tore Bjørkeli, om dykk skulle komme over denne nettsaken: Me er stolte… Det er ein Pondus i oss alle…