God påske

Vekene flyr, og me stuper inn i ei ny ferietid. Påskeferien står for døra og me kan allereie sjå for oss kva overskrifter som kjem til å prege dagane som kjem.

Det blir om vêret, fartsbøtar og innbrott.
Det burde sjølvsagt også ha handla om kvifor me har denne, for mange viktige, ferien nå når våren er i ferd med å feste grep. Men, det er blitt slik for mange, at Jesus, korset og Getsemanen, er bytta ut med hytte, ski og Vågslid.
Og me har fått det travelt. Påsken er ikkje berre kos, det er også blitt ein arena der me skal vise kor vellukka me er. Kor langt me kan gå innover vidda, kor bra me klarer oss i skibakken, og ikkje minst; kor mange me klarar å presse inn i hytta vår. Alt dette skal leggast ut og visast fram. Det har kosta, og då skal andre sanneleg få høyre om det. Og for mange er dette ferie og lading av slitte batteri.
Då speler vêret inn. Me haugalendingar bur slikt til, at me i løpet av nokre timar har alt frå sommarsol til sludd. Difor har me appar på mobilen og faste nettstadar me besøker jamleg, for å sjekke kva vêr me har i vente. Melder dei sol er det gode greier. Melder dei dårleg vêr, ja då har dei sikkert feil, og me rasar av stad.
Og då er me inni UP si verd. Påsketrafikken i Noreg er ikkje eit vakkert syn. Det går fort, ein tar sjansar og ein kombinerar ofte fleire av kjøremønstra ein er åtvara mot.
Me som bur langs E39 og E134 kan belage oss på å bli målt og kontrollert. Farten skal ned langs norske vegar. Heldigvis ser det ut til at kampen mot trafikkdauden er i ferd med å vinnast på fleire strekningar. Dei to nemnte europavegane er utsett, og det er naturleg at UP har sitt fokus der.
Så er det påsken og innbrott. Høgtid også for dei som ikkje kan la folk vere i fred. Me har sett starten på ei ny bølgje dei siste vekene. Den har ikkje tatt av heilt, men det har vore teikn som tyder på at organiserte kriminelle er på veg. Fleire har kontakta både politiet og oss, om at dei har besøk av folk på døra som sel ting, som spør etter vegen eller som berre tuslar rundt på bustadfelta. Her har politiet vore soleklare: meld frå med ein gong du ser noko som ikkje er som det skal vere. Dette er proffe bandittar og dei må behandlast deretter.
Vår jobb blir å følgje med på naboen sin eigedom i påsken. Sjekke at vindauge og dører er låst. Halde fartsgrensa, og bruke vett til og frå påskefjellet.
Og ikkje minst; vis respekt for dei som feirar påsken – av det som eigentleg er grunnen. Motorsag og langfredag høyrer ikkje saman.
Slapp heller av, lad batteria og nyt livet.

God påske til alle våre lesarar.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør