Skjold-spelar Even Lønning var banenes beste mot Haugar, då dei gulkledde vann 4-1. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Skjold-spelar Even Lønning var banenes beste mot Haugar, då dei gulkledde vann 4-1. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ein strålande omgang var nok

Skjold vann bronsefinalen i Macron Vintercup etter 4-1-siger over Haugar. Det meste blei avgjort i den første omgangen, kor Skjold var klart best.

Det tok berre åtte minutter før Aleksander Gundersen kjempa inn 1-0 og viste veg for heimelaget i bronsefinalen. Sjølv om Vetle Broen utlikna, var heimelaget best i det meste. Hilberg Nemeth skåra to gonger på ti minutt og punkterte nærast kampen.
– Kjekt å skåre mål. Det gjer godt for sjølvbilete. Me gjer ein sterk førsteomgang og lar dei berre komme til nokre få sjansar. I andreomgang er det meir jamnt, men det blir aldri noko fare for sigeren. Me har hatt mange gode kampar i vinter og gjer dei oppgavene me skal. Spesielt i dei første 45 minuttane var det mange gode løysingar, seier kaptein Hilberg nemeth.
Pang
For ei veke sidan skåra Aleksander Gundersen det som lett kunne blitt årets mål i Grinde. I kveld fekk me ein kopi. Pang, frå 35 meter og rett i mål. Gundersen var nok ein gong sentral i mykje av det som blir skapt av Skjold.
Ein annan spelar som viste godt igjen mot augar var Even Lønning. Ballsikker, godt overblikk og utretteleg jobbing på midten.
– Det blir mykje springing og mot slutten var det tomt. Eg også meiner me gjorde akkurat det me skulle i dag og hadde full kontroll. Når me ikkje kom til finalen, var det kjekt det blei bronse, seier Lønning, som mister seriopninga på grunn av jobb i Nordsjøen.
Lønning var banens beste i ein kamp som assistentrenar Dagfinn Fjellet meinte, var eit nytt steg i rett retning.
– Den første omgangen er me svært nøgde med. Med så pass stor leiing og full kontroll slakka me litt vel mykje av etter pause, men OK. Me leverte ein ny god kamp, kor spelerane viste at dei vil vinne kmapar. det kan fort bli fleire slike kampar i serien, så dette er god læring, seier Fjellet.

2. påskedag klokka 18.00, er siste treningskamp for SKjold før seriopninga mot Torvastad den 10. april.

Faktaboks

Skjold 4 (4)
Haugar 1 (1)
Vintercup, bronsefinale
Grinde kunstgras
1-0 Aleksander Gundersen (8)
1-1 Vetle Broen (19)
2-1 Hilberg Nemeth (21)
3-1 Hilberg Nemeth (31)
4-1 Aleksander Gundersen (43)
Dommar: André Birkeland, Djerv 1919