Redd og inneslutta?

I debatten om kommunestruktur i siste kommunestyremøte karakteriserte høyrepolitikaren Arvid Stokkenes underteikna som redd og inneslutta.

I mangel på argument valgte høyrepolitikaren å angripe spelaren i staden for ballen. Bakgrunnen var at Høyre ynskjer storkommune og i alle høve samanslåing mot vest. Nei, eg kjenner meg ikkje redd. Heller ikkje inneslutta.
Ap er heller ikkje redde for å seie kva me meinar og kva vi går til val på. I arbeidet med kommunereforma har Ap aktivt delteke i debatten. Me har vore opptatt av å få informasjon. Etter kvart som departementet har sendt ut ekspertutvalet sine rapportar, har desse blitt tekne med inn i debatten.
I veka før saka vart handsama i kommunestyret kom Stortingsmeldinga om kommunereforma. Den er tydeleg på at Haugalandet ikkje er aktuell som storkommune som kan overta statlege oppgåver. Meldinga nemner konkret fleire regionar i landet som kan vera aktulle for nye oppgåver. Haugalandet er ikkje blant desse. Stortingsmeldinga opplever ikkje området vårt til å vera eit geografisk funksjonelt område for storkommune. Derimot peikar Stortingsmeldinga på gode interkommunale løysingar der kommunar også kan bli pålagt å samarbeide. Haugalandet er eit godt eksempel på dette. Gjennom Haugaland vekst, legevakt, HIM og fleire andre gode samarbeid sikrar regionen vår at haugalandet framstår som ein god plass å bu, arbeide og drive næring i. Kommunar som ynskjer må gjerne slå seg saman, men behovet for interkommunalt samarbeid vil likevel vera aktuelt.
Mellom vedtaket i formannsskap og kommunesstyre var det ei veke. I formannskapet var alle, inkl Høyre felles om vedtaket. Høyre var derimot åleine om å ville greie ut samanslåing med Haugesund. Mellom møta i formannsskap og kommunestyre gjekk dei borgarlege partia vekk frå å seie nei til ein storkommune på Haugalandet. Dei gjekk vekk frå å seie nei til samanslåing med Haugesund. Korleis skal me då forstå dei partia som følgde H i kommunestyret? At Høyre ynskjer samanslåing med Haugesund har vore kjent lenge. Det same at dei ynskjer å lage ein storkommune på Haugalandet. Men det overraskar at Krf, V og Frp også vurderer dette. For innbakt i Høyre sitt forslag ligg nettopp dette, ei utgreiing av fleire andre organiseringar basert på regjeringa sitt ynskje om store kommunar i si kommunereform. Rådmannen har allereie fleire gonger sagt at kommunen vår står seg godt åleine. Arbeiderpartiet vurderer det også slik, og me registrerer samstundes at det er støtte for dette synspunktet i Stortingsmeldinga som er lagt fram. For å kunne vurdere ulike alternativ er me likevel opne for drøftingar med kommunar me kan samanlikne oss med.
Truleg vert arbeidet med kommunereforma nå utsett til etter valet. Arbeiderpartiet meinar velgjarane har rett til å vite kor dei ulike partia står i dette viktige spørsmålet. Arbeiderpartiet er ikkje redde for å seie kva vi meinar. Arbeiderpartiet ynskjer ikkje ein storkommune, men me ynskjer gode interkommunale løysingar slik at regionen skal kunne utvikle seg ytterlegare. Arbeiderpartiet ynskjer gode tenester til våre innbyggarar der dei bur.

Sigmund Lier, gruppeleiar og ordførarkandidat Ap