Johan Eriksen Kringeland kjører i svart og oransje når han er i aksjon. 
Foto: Rune Eikeland/RM foto
Johan Eriksen Kringeland kjører i svart og oransje når han er i aksjon, saman med Kringelandtellus.

I dag kan du sette penger på Johan

Johan Kringeland Eriksen har hatt ein solid sesong i sylkien. I kveld stiller han til start i V65-runden på Forus. Som ein av dagens store favorittar med hesten Solør Svarten.

20-åringen frå Grinde har denne sesongen vore blant dei tre beste fem gonger, og står bokført med to sigrar. Nå ventar ein spanande konkurransedag på Forus, kor Kringeland Eriksen blir å finne i V65 avd 2, kor Kringeland Eriksen/Solør Svarten er krysset av på dei aller fleste kupongane så langt.
Vanlegvis er det Geir Gudmenstad som kuskar hesten og dei står med fem strake gevinstar så langt denne sesongen.
– Eg er så heldig å få kjøre folkehesten på Forus. Det er omlag 1.000 eigarar av denne hesten og med fem strake sigrar, så må me ha lov å håpe på noko stort i kveld. Gudmundstad er også hesten sin trenar, seier Johan Kringeland Eriksen.

V65 på Forus startar klokka 18.45 i kveld.