Nicholas Charalambos har nok hatt kjekkare kveldar Stegaberg-målet. Kampen i Sveio enda 3-3. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Nicholas Charalambos har nok hatt kjekkare kveldar i Stegaberg-målet. Kampen i Sveio enda 3-3. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Rota vekk sigeren

Stegaberg 2 burde sikra seg alle poenga då dei i kveld møtte Sveio 2 på bortebane. Men tre litt lettkjøpte baklengsmål blei for mykje. Kampen enda 3-3.

– Bittert å tape denne kampen. Dei hadde tre skikkelege skott på mål og alle gjekk inn. Det siste fire minuttar på overtid. Denne burde me heilt klart vunne, men me slurvar for mykje i alle ledd, seier spelande trenar, Joachim Kvalavåg.
Kampen i Sveio var prega av mykje innsats og ikkje særleg samspel. Men det var Stegaberg som styrte det meste utan å lukkast heilt.

Nedstrand møter onsdag Karmsund 2 i Haugesund.
Andre resultat:
Ferkingstad 2 – Åkra 2 1-6 (0-3) (Åkra 2 har då 2 sigrar)
Avaldsnes 2 – Tiger 3-2 (med et lite forbehold)

Faktaboks

Sveio 2 3 (1)
Stegaberg 2 3 (1)
7. div. avd 4
Sveio kunstgras
1-0 Bjørnar Johannesen (35)
1-1 Ørjan Tørresdal (42)
1-2 Torbjørn Steinsland (47)
2-2 Trond Johannesen (60)
2-3 Remy Hansen (82)
3-3 Ole Chr. Møllerhaug (90)
Domar: Tommy Lothe, Ølen IL