Kristoffer Mæland og Nedstrand vann sin første kamp etter fire år med venting. T.v. Stega 2-spelar Øystein Jansen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kristoffer Mæland og Nedstrand vann også den 2. seriekampen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

To strake for Nedstrand

Nedstrand har begynt årets sesong på ein glitrande måte. Mot eit forsterka Karmsund 2, vann dei til slutt 3-1 i Haugesund.

Nedstrand sine mål blei skåra av: Olav Runestad (sjølvmål?), Kristoffer Mæland og Morten Pedersen
Runestad sit mål var delvis eit sjølvmål etter ein duell inne i feltet.
– Klart beste motstandaren me har møtt i år. Dei stilte med eit sterkt lag, seier Morten Pedersen.

Vi har fått dette referatet fra Nedstrand sin faste referent Svein Henry Molde:

Detta var kampen der NIL sko testa ut sin defansive stryke.
Etter ein veldig nervøs start, som fort kunne endt med ett par baklengsmål, tok NIL mer og mer grep om kampen.
I det 25. minutt slår Svein-Thore Kleiberg ett laaangt frispark inn i boksen og i duell med noken Nedstrendingar heade ein uheldig Karmsundspelar, med den vakre Haugesunds-solnedgangen midt i synsfeltet, ballen i eget nett. 1-0 te NIL
29.minutt: Corner til Nedstrand. Ballen havne te slutt i beinå te Kristoffer Mæland som mose ballen opp i nettaket fra kort hold. 2-0
41.minutt: Tore Espevik legge inn hardt å lågt frå høgre og Morten Pedersen vise utsøkt avsluttarteknikk når han bruke ett touch for å plassera skuddet i motsatt hjørna fra en ca 10-15 meters hold (kampen blei sett fra froskaperspektiv så distansebedømming e ikkje lett).
73.minutt: Karmsund redusere etter ett langvarig press på ein stuss fra kort hold som går utagbart over keeper Morten Mæland.
Ett solid resultat som ikkje heilt vise kampforløpet.
I gjennom heile kampen kom NIL under voldsomt press fra Karmsund, som hadde toppa laget sitt med flere A-spelerar.
Grunnen te at Nedstrand vinn denna kampen e enkelt å greit ett glimrande kollektivt forsvarsspel der alle 11 på banen tar sitt ansvar.
Når eg ikkje kan utropa ett tosiffra antal spelerar som banens beste så får eg trekka fram stopparduoen Audun Tendeland og Svein-Thore Kleiberg som va begge fremragande. Men på toppen øve dei velge eg å plassera ein me på ein måte kan kalla ein matchvinnar: Keepertalentet Morten Mæland som «endelig» fekk ein kamp der han slapp å stå for seg sjøl å frysa mens NIL cruise inn sigeren. Flott å sjå ein så ung keeper med så goe skuddstoppar- og distrubisjonsegenskapar. Trygg og god med ei rekka gode involveringar.
Avslutte referatet med tommelen opp for dei 10-15 bortesupporterane som tok turen te byen for å støtta opp om guttane

I ein 5. divisjonskamp har Sauda slått Skånevik 5-0.

Faktaboks

Karmsund 2 1 (0)
Nedstrand 3 (3)
7. div. avd. 4
Gymnasbane 7
0-1 Sjølvmål (25)
0-2 Kristoffer Mæland (29)
0-3 Morten Pedersen (41)
1-3 (73)
Domar: Tommy Lothe, Ølen IL