Slik ser det ut på utsida av grillhuset til ungane i Fjellhaug Friluftsbarnehage. 
Foto: Fjellhaug Friluftsbarnehage
Slik ser det ut på utsida av grillhuset til ungane i Fjellhaug Friluftsbarnehage.

Har øydelagt for tusenvis

Det har dei siste vekene vore svært mykje hærverk på Frakkagjerd. Nå er det nok, og politiet prioriterer å få tatt dei som står bak.

Av Alf-Einar Kvalavåg
– Det har berre bli meir og meir utover våren, og nå begynner det å bli så omfattande at me må stoppe dette før det skjer noko meir alvorleg. Det er skader på alt frå skilt til ballbingar, gjerder til grillhytter. Alt er berre pøbelstrekar og heilt utan meining. Me har fått tak i ein kar, som me nå skal snakke med, men også dei seinaste dagane er det meldt inn skader, seier lensmannsbetjent Atle Thorbjørnsen.
Grillhytta
Ein av stadane det har vore hærverk er i Fjellhaug Friluftsbarnehage. Der har dei knust alle vindauga og gått laus på både bussen og båten deira.
– Det er ein av stadene kor det har vore mykje. Men heile stripa frå Høgahaug og ned langs Frakkagjerdvegen til ungdomsskulen har hatt meir eller mindre omfattande skadeverk. Etter kvart dreier dette seg om betydelege summar, og ein kan ikkje godta at det held fram. Så nå går politiet ut med ei oppfordring til alle som har observert ungdommar, som har drive med noko som kan minne om skadeverk, om å kontakte oss. Det er så mange som er ute og går tur i dette området, at her er me sikre på at nokon må ha sett eller høyrt noko, seier Thorbjørnsen.

Les heile saka i papirutgåva.

Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2015/04/16/kor-er-me-vaksne/