Desse tre toppar lista til Partiet Dei Kristne. Frå venstre: Håkon Skogly, Arne A. Kallevik og Leif Holgersen.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Desse tre toppar lista til Partiet Dei Kristne. Frå venstre: Håkon Skogly, Arne A. Kallevik og Leif Holgersen.

Har tru på fem prosent

Partiet Dei Kristne har ei lita, men kampvillig liste. Målet er å sikre seg fem prosent av stemmene ved valet.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Partiet skal stille lister i 70 kommunar og i alle fylker, ved haustens val. Gode målingar før og etter stortingsvalet for snart to år sidan, har skapt optimisme. Også i Tysvær.
– Det er svært viktig for oss å vere med, og at me nå stiller liste i Tysvær er det mange som har venta på. Å få eit konservativt kristent alternativ har vist seg å vere noko mange støtter, i ei tid kor dei grunnleggande kriste verdiane stadig blir utfordra, seier listetoppane Arne A. Kallevik, Leif Holgersen og Håkon Skogly.
Borgarleg
– Kven kjem PDK til å stele stemmer frå ved valet?
– Om ein ser på dei partia som var med sist, blir det nok frå Framstegspartiet og Krf. Likevel trur me den største gruppa er dei me kallar «heimesittarane». Det var dei som stemte ved stortingsvalet, men som ikkje stemte ved lokalvalet sist. Vår jobb er å få dei oppdatert på vårt alternativ, seier trioen.

Les meir i papirutgåva