Kinosjef Øystein Simonsen og senterleder Elisabeth Brekke Førland er klare for å «børne» på festplassen i Aksdal. 
Foto: Mona Terjesen
Denne gjengen storkoste seg på fotballskule denne veka. Foto: Karina Søvik

Vil skape arbeidsplassar

GMC-gruppen etablerer seg i Haugaland Næringspark på Gismarvik. Konsernet skal drifte kaien og drive verksemda si derfrå.

Av Mona Terjesen
Det har tidlegare vore Asco Noreg som har drifta hamna i næringsparken. Dei har brukt henne i samband med eit Statoil-prosjekt, der dei har stått for transporten og handteringa av olje- og gassrøyr til Gudrun-utbygginga i Nordsjøen.
Og no kjem altså GMC på banen, eit lokaleigt selskap frå Stavanger som blei stifta av Tasta-mannen Gunnar Magne Christensen i 1973. Han og kompisane var leie av å reise frå familien på sjøen, og ville på land. Det blei det suksessbedrift av.
No består konsernet av åtte selskap som tilbyr samanhengande tenester til offshore og maritim industri.
– Me kan ikkje drifte hamna sjølve, det er det Asco som har gjort, og no GMC som kjem til å gjere, fortel administrerande direktør i Haugaland Næringspark Gunnar Stakkestad.
Han fortel vidare at han er svært glad for å ha fått intensjonsavtalen med Stavangerfirmaet på plass.
– Dette er ein aktør som kan vidareutvikle hamna vår på fleire måtar. Me ser også for oss at fleire vil følgje etter som følgje av denne etableringa, nikkar han.

Les heile saka i papirutgåva.