Sundagsopent?

Diskusjonen rundt sundagsopne butikkar når stadig nye høgder. Det er for lengst gått politisk ære i denne debatten også.

Kva folk flest meiner er lite relevant, når det politiske Noreg igjen skal legge til rette for det som er best for meg og deg.
Og sundagsopne butikkar er på mange måtar eit resultat av ei endring i kvardagsmønsteret vårt. Me har nemleg vist at me handlar kva tid som helst på døgnet, om dørene er opne. Så då har vel politikarane, og ein del av kjedene, rett når dei seier at me heilt sikkert vil ha ope, også på kviledagen.
I dag finnest det ei rekkje med småbutikkar som har ei nisje i det å ha lov til å ha ope på sundagane. Prisane er der etter. Det er for mange det ein kan kalle «eit i nøda» tilbod. Har ein gløymt noko til sundagsmiddagen, ja så er det flott at butikken på hjørnet har ope, og ein kan få tak i det ein treng.
Mange meiner dette er heilt greitt. Men når ein beveger seg over på at vanlege matbutikkar også skal kjøre full dag på sundagen, reagerer fleire. Spørsmåla er mange og svara få.
Blir det då slik at sundagen kan bli den nye store handledagen, kor heile familien kan legge ut på sundagstur og gjere innkjøp for heile veka?
Er det slik at prisane på matvarene blir dei same om butikken held ope ein dag ekstra?
Er det lett å rekruttere personale til ein ekstra dag, nå som dei fleste matvarekjedene held ope frå tidleg morgon til seine kvelden, heile veka?
Stadig fleire står nå fram og seier at dei stiller seg tvilande til dette. Det blir eit nytt press både på næringa og kundane. Me strekk strikken stadig lengre, og er i ferd med å få ein kvardag kor alt til slutt er ope 24 timar i døgnet.
Eg trur me i framtida vil sjå at vårt arbeidsmønster med skiftarbeid, lange friperiodar og meir og meir nattarbeid, vil lokke fram eit heilt nytt handlemønster. Me har det allereie på nett. Ingen spør kva klokka er når ein sit på nettet midt på natta, og kjøper inn musikk og sko.
Difor blir debatten rundt sundagsopne butikkar som å vifte med eit tviegga sverd. På den eine sida kan ein trygt seie at samfunnet i dag er i ferd med å bli slik at dagar og klokkeslett blir viska ut. Me er på farten heile døgnet, kvar dag, og ser ikkje lengre på om kalenderen viser raude eller svarte dagar. Snart blir det nok opne butikkar i påsken og jula også.
På den andre sida er det framleis ei stor gruppe som ønskjer at det skal vere raude dagar, som krev at det skal vere stengt, og at ein skal ha tid til å gjere noko anna.
Kva for ei av desse gruppene ein skal lytte til blir vanskeleg å ta eit standpunkt til. For det er nå ein gong slik, at når me som forbrukar spring etter opne butikkdører, så er det ikkje lett å ha dei stengte.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør