Harald Stakkestad kom syklande og klippa over bandet, då trimløypsne rundt Aksdalsvatnet blei offesielt opna i dag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Harald Stakkestad kom syklande og klippa over bandet, då trimløypsne rundt Aksdalsvatnet blei offesielt opna i dag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Trimløypene er opna

Mange har allereie lagt turen i dei nye trimløypene rundt Aksdalsvatnet. I dag var det offisiell opning av dei 6,7 kilometer lange løypene.

Ordførar Harald Stakkestad var tilbake i fin form etter sjukmeldinga og sykla fram til bandet som blei klippa over. Gjensidigestiftinga var også med på seremonien og overrakte ein sjekk på 1 million kroner.
Totalt har stinettverket kosta omlag 8,5 millionar kroner, kor mykje avdette er dekka under spelemidlar og gåva.
– Dette er ein stor dag for svært mange. Mulegheitene til å gå tur i nærområdet er nå blitt heilt fantastisk, sa Stakkestad i sin korte opningsapell.
Han takka også grunneigarane for eit godt samarbeid i prosessen.
Stien er bygd av Vassbakk & Stol.

Meir om opninga i papirutgåva neste veke.