Ine Hjelmervik frå venstre, Malene Sørenes og Emma Staurland i aksjon i Grinde i kveld. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ine Hjelmervik frå venstre, Malene Sørenes og Emma Staurland i aksjon i Grinde i kveld. Foto: Alf-Einar KvalavågBilde 1 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.22.15
Bilde 2 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.22.21
Bilde 3 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.22.27
Bilde 4 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.22.46
Bilde 5 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.22.53
Bilde 6 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.23.08
Bilde 7 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.23.17
Bilde 8 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.23.25
Bilde 9 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.23.32
Bilde 10 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.23.43
Bilde 11 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.23.49
Bilde 12 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.23.53
Bilde 13 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.24.02
Bilde 14 av 15
Skjermbilde 2015-04-27 kl. 22.24.08
Bilde 15 av 15

Visst søren har me «girlpower»

Det har vore tynt i dei eldste jenteklassane dei siste åra. Men i år viser både Skjold og Falkeid sine J19 godt igjen. I eit knallhardt lokaloppgjer i Grinde vann gjestane 4-1. Her er bilete frå kampen.

Det florerte i sjansar for gjestane frå Troppene. Det passerte tidleg tosifra og enda opp rundt 25. Men ballen ville ikkje i mål. I tillegg hinka måljeger og kretslagsspelar Solveig egge av banen tidleg i 1. omgang. Og då gjekk det som det av og til gjer, galt.
– Eg hugsar ikkje så mykje av skåringa mi, men eg kom meg fri på kanten sette full fart mot mål og fekk ballen forbi keeper. Det var herleg, og eg trur me stressa Falkeid ein del, smiler Evelyn Hundsnes.
Fekk ro
1-0 sto seg til pause, men i andre omgang blei det meir og meir Falkeid. Eit langskott trefte ein Skjold-spelar og gjekk i mål. Så var det Malene Sørenes som endeleg fekk ro over spelet sitt og skåra to kjappe. Amalie Riise blei flytta fram i sluttspurten og fastsette det heile til 4-1. Likevel var det ikkje berre latter og smil i Falkeid-leiren.

Det blei mykje springing i dag

– Nei, me kan ikkje berre juble når me brenn så mange sjansar. Det var nesten flaut. Heldigvis fekk me nokre mål til slutt, men eg kan ikkje hugse ei slik sløsing før. Eg er glad me vann, sjølvsagt er eg det, men eg som er spiss skal ikkje brenne så mange sjansar. Så høge mål har eg, sa tomålskåraren.
Gav alt
Kampen mellom dei to beste jentelaga i Tysvær trekte mykje folk. Og dei fekk sjå spelarar som gav alt, som kjempa til krampa tok dei.
– Det blei mykje springing i dag og me kjempa så godt me kunne. Dei er eit betre lag enn oss, men i dag gav me litt ekstra. Kjekt at me skåra først og stressa dei litt. Fortjent siger var det likevel, seier Skjold-kaptein Ine Hjelmervik.

Meir om kampen på torsdag i papiravisa.