Nasjonaldagen vart avslutta i Gardeleiren der gardistane køyrde fullt drillprogram for publikum.  Foto: Lars J. Liknes
Nasjonaldagen vart avslutta i Gardeleiren der gardistane køyrde fullt drillprogram for publikum. Foto: Lars J. Liknes

17. mai i Oslo

Lars Johannes Liknes har sendt oss denne helsinga frå 17. mai i Oslo. Sonen Håkon var ein av dei staselege gardistane, som satte farge på feiringa.

For fyrste gong på mange år reiste vi frå Førlandsbygda på 17.mai. Vi kunne ikkje la sjansen gå frå oss til å sjå eldstemann Håkon spele med HMK Garde i tigerstaden.
Det var ei flott oppleving å vere midt oppi det ein elles berre ser på TV, å stå på Karl Johan og vente på toget, speide etter kongen på balkongen og sjå folkehavet av raudt, kvitt og blått langs vegen. Til slutt kom endeleg Garden og vi fekk både sjå og høyre ei flott oppvisning av musikk, drill og presisjon. Seinare på dagen fekk vi og med oss oppmarsjen og kongesangen framom slottet. Vi vinka til kongen og er sikker på at han vinka tilbake.
Nasjonaldagen vart avslutta i Gardeleiren der gardistane køyrde fullt drillprogram for publikum. For gardistane er nok 17.mai høgdepunktet i ein travel vårsesong, men dei har framleis mykje å gle seg til. Allereie denne veka skal dei av garde til Sverige på tatoo i Malmö, så er det fleire lokale konsertar før dei set kursen til Canada og tatoo der.

PS: Det gjekk bra med korpset på Førland og – dei var i trygge hender!

Lars J Liknes