Sondre Voll blei flytta fram som spiss, utan at det hjalp Falkeid mot Ølen. Gjestane vann 3-1. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Sondre Voll skåra kampens siste mål, då Falkeid vann 3-0 over Ferkingstad. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Falkeid slo tilbake

Etter ein periode med fleire kjipe tap, slo Falkeid hardt tilbake mot Ferkingstad i kveld. Heime på grasbanen enda det med heimesiger 3-0. Leirvik har slått Vedavåg 2 2-1 på Karmøy. Ølen vann 5-1 over Skånevik på heimebane.

Falkeid tok leiinga ved Jan Egil Kallekodt, ei leiing Knut Austerheim dobla. Sondre Voll punkterte kampen med si 3-0-skåring.
– Dette var ein knokkelkamp der Falkeid har mest krefter igjen på slutten. Sondre Voll sin skåring var ei perle av eit frispark frå 35 meter, fortel lagleiar Tor Jostein Kallkodt.

Andre kampar i kveld:
Ølen – Skånevik 5-1
1-0 Rune Torstenbø 20
2-0 Rune Torstenbø 27
3-0 Roger Vaka 56
3-1 Ove Straumsøy 63
4-1 Håkon Stople 84
5-1 Magne Christiansen 87

Vedavåg 2 – Leirvik 1-2 Begge Leirvik sine mål av Espen Vaka.
Karmsund – Stegaberg spelte tysdag og Stegaberg vann 4-1
Nord – Sauda er flytet til måndag på grunn av at Sauda hadde problemer med å stille lag.

LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2015/05/19/live-to-viktige-kampar-i-kveld/

Faktaboks

Falkeid 3 (1)
Ferkingstad 0 (0)
5. div. avd. 3
Troppene gras
1-0 Jan Egil Kallekodt (32)
2-0 Knut Austerheim (87)
3-0 Sondre Voll (90)
Domar: Sverre Flatebø, Vard