Dette er ein haug kor det både går ann å vere sosial og svært aktiv. Tysværvåg sitt flotte uteområdet er nå offisielt opna.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dette er ein haug kor det både går ann å vere sosial og svært aktiv. Tysværvåg sitt flotte uteområdet er nå offisielt opna.

Her blir det liv

Måndag opna varaordføraren ein av Tysvær sine finaste aktivitetsområde vegg i vegg med der ho bur. Ho garanterer liv til langt på kveld.

Av Alf-Einar Kvalavåg
For Kristine Aurdal har hatt panoramautsikt til uteområdet ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule i fleire år. Nå har skulen bygd opp eit uteområde som byr opp til aktivitetar til langt på kveld.
– Eg erklærer området for opna, og gleder meg til å sjå aktive ungar og ungdommar boltre seg her både i skule- og fritida, sa Aurdal i si helsing til elevane på skulen.
Heng ikkje lenger
Det lovar trivselsleiarane (TL) ved skulen å følgje opp.
– Dei yngste har alltid vore aktive, men har sjølvsagt fått eit mykje flottare område nå. Me i ungdomsskulen hang ofte i klasseromma i friminuttane. Nå ser me allereie mykje meir aktivitet i aktivitetsområdet. Vår jobb som TL er å legge til rette for mykje aktivitet, og det er me sikre på at det blir framover, sa Ian Martin og Sander Høyvik.
Dei demonstrerte mellom anna den nye kombinerte landhockey og basketballbanen som elevane har fått. I tillegg er det komme ein ny kunstgrasbane og ein «sosialhaug».
På haugen kan me slappe av og vere sosiale. Dei yngste bruker han meir som ein leikeplass, kor dei kan ha mange aktivitetar, seier dei TL-leiarane.

Les heile saka og sjå bilete frå opninga i papiravisa.