Kva er det med Nedstrand?

Det er mange som meiner noko om fotball. I ein kvardag kor me kan kose oss med suksessen til Alexander Søderlund i Rosenborg, og unge lokale talent som blir tatt ut på både sone- og landslagssamlingar, ja så er det gode tider.

Stegaberg toppar 5. divisjon og det blir for tida gjort klart til både fotballskular og andre aktivitetar.
Likevel vil eg få påpeike noko som nå skjer i Nedstrand, denne bygda lengst vekk frå all diskusjon om sentralisering i Aksdal. Der kor ferja tidlegare har spelt ei hovudrolle, har ein kunstgrasbane og omlag 25 sveitte menn nå overtatt det meste av fokuset. Og det berre ein god månad før «Tollboda» skal opnast.
For det handlar om bygdas ufattelege entusiasme rundt a-laget til Nedstrand IL. Etter at ein fekk grove opp graset og fekk plastdekke, har det bokstaveleg talt tatt av. Unge som gamle har funne fram fotballskoa etter at laget hadde hatt ein ufriviljug pause på fleire år. Tribunen blei fylt opp av lokale patriotar, som endeleg fekk nokon å heie på. Og der trefte dei på likesinna sambygdingar og drøsen gjekk over ein kopp kaffi og ei vaffel.
På nettsida vår merkar me entusiasmen på kampdagane. Då kjem det tidleg på dagen spørsmål frå fjern og nær om me ikkje kan følgje kampen live, slik at ein i Nordsjøen eller på Mallorca kan få ei oppdatering på det som skjer.
Sist Nedstrand spelte kamp hadde me tett på 1.500 sidevisningar. På ein kamp i 7. divisjon.
Me snakkar om lokalpatriotisme på det vakraste. Når noko så lite viktig som fotball blir noko så viktig for ei bygd, ja då har ein klart noko unikt.
I morgon slepp klubben sin nye klubbsong, ein hyllest til det som skjer. Og ikkje tilfeldig har supporterane døypt om stadion til «Theater of farmers». Bønder har og vil ha status på «landet» i mange år, og koplinga er like morosam, som den er ekte.
Noko anna som har skilt Nedstrand-supporterane frå andre i Tysvær, er deira ønskje om at dette er noko heile bygda skal få ta del i. Difor har det vore frustrasjon over sein kampstart. I morgon har dei klart å flytte kampen til klokka 19. For at også ungane skal få ei stor oppleving. Og når laget kjempar om ein topplass i avdelinga, og det er naboane frå Vatsbygda som kjem, ja då er det nesten garantert fest.
Me er imponert over resultata til Nedstrand så langt i sesongen, men likevel blir det småtteri når ein ser på engasjementet som dette har skapt i bygda.
Som ein vis Liverpool-manager ein gong sa: – Av alle uviktige ting er fotballen den viktigaste.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør