Politiet har satt inn store ressursar etter knivstikkinga i Førre. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Politiet har satt inn store ressursar etter knivstikkinga i Førre. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Varetektsfengsla i fire veker

KRIM: Tysværbuen som knivstakk ein gjest i leilegheita si i Førre er varetekstfengsla for fire veker. Mannen som blei knivstukken, er sett fri av politiet etter avhøyr.

– Me har eit godt bilde av kva som har skjedd, og jobber nå med å fullføre arbeidet med alle avhøyra som er tatt. Dette er også ei sak som me må sjå litt i samanheng med ei liknande hending i fjor. Strafferamma for slike saker ligg i dei grøvste tilfella på mellom fire og seks år i fengsel. Dette er ei sak kor mange kjenner nokon av dei som har vore involvert. Politiet oppfordrar folk til å bruke vett når dei omtaler det som har skjedd. Førre er eit lite område, kor alle kjenner alle, og rykte er ingen tent med, seier lensmannsbetjent Atle Thorbjørnsen.
Mannen som blei knivstukken slapp unna det heile med lettare skader.