Andreas Petersson imponerte med melodiøse kjærleiksongar i Tysværtunet.

Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Andreas Petersson imponerte med melodiøse kjærleiksongar i Tysværtunet.

Kjærleg lunsjkonsert

Det blei mykje kjærleik, men også eit knippe songar med ei god sommarkjensle i, då Andreas Petersson i dag hadde lunsjkonsert i Tysværtunet.

Den plateaktuelle læraren frå Frakkagjerd ungdomsskule serverte både gamle og nye songar frå scena i kafeen.

Fleire av songane må kunne kallas hitmateriale og sjølv om Petersson var noko hes, kom han svært godt frå konserten. Publikum var med og det var tydeleg at fleire kjente seg igjen i tekstane.

Musikalsk minna det tidsvis om alt frå Morten Abel til Vamp og sterke melodiar var svært sentralt i det han presenterte.

2. juli kjem han og bandet ut med ei ny plate. Det spørs om ikkje fleire i salen kjem til å finne fram til den, etter dagens sjarmøretappe.

Dette var den nest siste lunsjkonserten før sommaren. 12. juni kjem Okersol, som også er plateaktuelle.

Gratiskonsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet.