Karl Johan Lier frå Raunes Fiskefarm kontaterer at Høyesterett ikke ville behandle saken. Foto: Mona Terjesen
Karl Johan Lier frå Raunes Fiskefarm kontaterer at Høyesterett ikke ville behandle saken. Foto: Mona Terjesen

Steilt i Decom-saka

Partane i Vats- og Yrkjefjordstriden står framleis steilt. I kveld blei det arrangert møte i storsalen i Tysværtunet, for nok ein gong å diskutere om det er spreiing av miljøfarlige stoff frå miljøbasen til AF Decom.

Av Mona Terjesen

Mens Raunes Fiskefarm og Fiskarlaget dokumenterte at det blir forureina – i stor grad, beviste Decom det motsette.

Begge partane kan vise til testar, prøvar, evalueringar og rapportar som bekreftar deira påstandar. Men for ein leikmann er det lett å bli forvirra.

AF Decom sin utsendte viste til overvaking frå NIVA og Sintef. Den einaste overskridinga som er loggført siste tida er sinkverdiauke på 12 prosent, som dei straks meldte frå om. Elles viser i følgje Decom – ingen testar at miljøbasen forverrar miljøet.

– Det har vore store endringar i sjøen sidan me etablerte oss. Det beviser NIVA sine målingar også. Det er auke i kvikksølv i for eksempel blåskjell. Men det er ein trend som gjeld heile regionen, ikkje berre lokalt. Det er med andre ord ingenting som seier at me er skyld i dette. Den som påstår det, leser ikkje målingar, fastslo han.

Britt Sæle Instebø, dagleg leiar i Fiskarlaget Vest, uttrykte bekymring for havlivet og fiskarane si framtid i fjordane. Miljøtoksikolog Anders Goksøyr gjorde det same.

– Kvikksølvforureining tar lang tid. Det tar mange år før skaden oppstår. Eg er overraska over kva miljømyndigheitene lar passere, sa han.

Han viste vidare til brosmeundersøkingar som viser stor påverknad av radioaktivt bly i fisken i Vatsfjorden.

Fleire forskarar og ekspertar entra scena og argumenterte tungt for at; jo, det blir så absolutt sleppt fleire miljøskadelege stoff frå basen til Decom.

Bioforsk sin rapport viser at fleire prøvar av jordsmonn og natur i nærområdet beviser kvikksølv og radioaktivitet.

Karl Johan Lier frå Raunes Fiskefarm fortelte korleis dei har opplevd å ikkje kunne stole på NIVA sine prøvar, at dei i staden har måtte syte for eigne.

– Me har brukt same laboratorium var Decom, men våre resultat viser heilt klart at dei gjer mykje skade, nikka han, og viste fram ein film som viser skjerebrenning, svevestøv, oljeutslepp og forureining.

Professor Einar Sletten nytta si taletid til å fortelje kor farleg kvikksølv faktisk er – i det lange løp.

Les meir om saka i neste utgåve av Tysvær Bygdeblad

Faktaboks