Kva skal vere målføre ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule i framtida? Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kva skal vere målføre ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule i framtida? Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Utsetter sak om målform

Tysdag skal formannskapet handsame eit forslag om det skal gjennomførast ei folkeavrøysing i Grinde og Tysværvåg om det skal skiftast frå nynorsk til bokmål som hovudmål, ved dei to skulane. Etter møtet i levekår i dag blir saka utsett.

– Denne saken ble utsett i Levekår og sendt tilbake til foleldreutval og samarbeidsutvala ved dei to skulane, opplysar Svein Terje Brekke (Krf).

Slik såg sakksfremlegginga ut:

I saksframlegget står det følgjande om bakgrunnen:

Grinde skule og Tysværvåg barne- og ungdomsskule har nynorsk som målform, samstundes som eit aukande fleirtal av elevane vel bokmål. Utviklinga dei siste åra er at elevane vel vekk nynorsk. Neste år vil 68 % av elevane på Tysværvåg og 55 % av elevane på Grinde har bokmål som målform.

Om økonomien i dette står det følgjande:

Økonomisk er det utfordrande å ha lærebøker på rett målform til elevane. Skulane må stadig supplera med bokmålsbøker. Dessutan er det lite fleksibelt med to grupper med ulik målform. Språkdelinga låser og mykje lærarressursar.

Med evt. endring til bokmål som hovudmål ved dei to skulane, og med dagens tal som grunnlag, kan skulane spare inn ekstra timar grunna språkdeling på fem trinn ved TBU og ei gruppe ved Grinde. Innsparing i forhold til dagens rammetimetal vil for TBU vere ca. 40 timar og for Grinde 16 timar, pluss 12,5 timar dei tek frå eiga ramme i haust. Ein rammetime kostar ca. 35 000 kroner. For Grinde skule vil det seie ca. 430 000 kroner på årsbasis for ekstratilbodet vi gir for hausten i 1. klasse. Timane blir tatt av ordinær rammetimetildeling i kommunen.

Det er i dette reknestykket tatt omsyn til at det ikkje er lagt ut full deling i nokon av dei fem trinna ved TBU og den eine gruppa ved Grinde. Det er ikkje pålagt å ha språkdeling i praktisk estetiske fag, og nokre av trinna ved dei to skulane ville vere så store at dei ville fått deling uavhengig av språkdeling.

Komande skuleår er det lagt ut 56 rammetimer til saman for dei to skulane, 40 rammetimar til TBU og 16 til Grinde skule. Dette utgjer det vi får i statleg støtte dette skuleåret. Totalt får Tysvær kommune 1,7 mill. kroner frå staten til språkdeling. Dette dekker ikkje dei faktiske utgifter vi har, som er på ca. 2,2 mill. kroner.

Rådmannen sitt forslag til gjennomføring:

Rådmannen ser det som naturleg å gjennomføre ei eventuell rådgjevande folkeavrøysting i samband med avvikling av kommune- og fylkestingvalet i haust. Valkrinsane for kommunevalet tilsvarar skulekretsane for barneskulane, og det vil då vera praktisk at dei som ønskjer det, også kan røyste om målform samstundes.

For å kunne gjennomføre dette på ein effektiv og praktisk måte, bør begge avrøystingane skje i same lokale. Då må antal valfunksjonærar som vert oppnemnt til kommune- og fylkestingvalet aukast i desse krinsane, slik at dei kan handtere begge avrøystingane. Det vil vera viktig at veljarane ikkje skal føle noko press når dei kjem inn i vallokale om at dei må røyste både ved kommunevalet og om målføre. Her må ein informere godt i forkant og merke tydeleg i vallokalet slik at veljarane enkelt ser kva som gjeld kva, og at valfunksjonærane kun rettleier ved førespurnad.

I forskrifta ovanfor står det også at dei som har rett til å røyste ved rådgivande folkeavrøysting har rett til å røyste på førehand. Dette kan ein løyse ved at ein ved førehandsrøystemottaket ved Servicetorget også tek imot førehandsrøyster om målføre.

Forlaget politikarane i formannskapet skal stemme over er i utgangspunktet desse to:

  • Det skal gjennomførast rådgjevande folkeavrøysting om skriftleg hovudmål for Tysværvåg barne- og ungdomsskule og Grinde skule.
  • Den rådgjevande folkeavrøystinga vert gjennomført i samband med kommune- og fylkestingvalet hausten 2015. Røystetidspunkt og røystelokale vert tilsvarande som ved kommune- og fylkestingvalet.

Det kan komme forslag frå representantane under møte, enten som nye punkt eller endring på teksten.