Anderas petersson er ute med nytt album. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Anderas Petersson er ute med nytt album. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Leikent brevkurs

Andreas Petersson og hans Lausungan serverar eit sterkt album. «Brevkurs» glir inn som eit vise/pop-album som tåler å bli spelt mykje.

Læraren på Frakkagjerd ungdomsskule var gjest på vår lunsjkonsert rett før ferien. Nå har han med seg heile bandet sitt og serverer åtte spanande spor.
Me har lytta og kosa oss gjennom spor for spor.

«Så vakker dú va» opnar det heile og det er neppe tilfeldig. Petersson sin stemme passar glimrande saman med eit drivande piano, og gir gjennom opninga tru på at me har eit spanande album i nevane. Kanskje den songen som tåler best fleire gjenhøyr på rad.
«Hu flyr høgt» er ei lettstrentane vise i tostemt song med Lotte Torgeirsen, før det glir over i trestemt og bygger seg opp til ein spanande og interessant låt. Teksten som på denne songen er skriven av både Ingvar Hovland og Petersson viser at duoen har mykje å by på.
«Miranda» er eit lite kvileskjer på plata. Forteljinga om Miranda har me høyrt før. Likevel eit interessant spor som viser at bandet også har kontroll over dei rolegaste spora. Vanskeleg å plassere «Lausungan» i nokon bås, men det er kanskje meininga.
Tittellåta «Brevkurs» tar ei litt anna retning, og viser tydeleg at Petersson og bandet har fleire bein å stå på. Det er tydeleg at hovudpersonen sjølv er villig til å dra mykje av lasset på plata gjennom sin vokal.
Så tar det litt av med songen «Så lide ska det te». Første tanke er at dette er Matti Røssland inspirert, og det er eit kvalitetstempel i denne genren. Herleg poplåt i sommarvarmen. Stemmen til Petersson minner også tidvis om Tom Roger Aadland. Kvalitetstempel det også. Favorittlåt.
«Ikkje gje opp» er ein ballade saman med Torgeirsen som blir litt baktung etter den friske «Så lide ska det te». Nok eit eksempel på at Petersson & Co. vil vere i ein musikalsk bås. Vakkert, å jo da, men det er ingen tvil om at det er dei friske låtane som sitt aller best. Men Torgeirsen si stemme er verd sine minuttar.
«Kem sko trudd det?» er ei låt om håp, og Petersson og gitaren driv av garde i passe tempo. Musikken og teksten passer godt saman og gir håp om ein ny start. Tydeleg at både komponist og tekstforfattar har funne kvarandre.
Tilslutt dukkar «Blåøye» opp. Her får me på nytt møte den flotte stemma til Lotte Torgeirsen. Det minner om litt av kvart i stilen, men denne nydelege poplåta sitt, spesielt bunde saman av ein solid gitarsolo.

Åtte songar om kjærleik, sakn og livet. Akkurat slik me blei kjend med Petersson under vår lunsjkonsert. Dette er eit album som viser kvaliteten i Ingvar Hovland sine tekstar. Musikalsk er det reint og ryddig med få overraskingande moment. Det er lyttbart og eit solid handverk.
Det blir releasekonsert på Skapåbar i Haugesund 5. september, og bandet speler på Kulturnatt 17. oktober. Og ikkje minst blir det konsert på Verkstaden selskapslokale den 24.oktober. Mykje å glede seg til.

Alf-Einar Kvalavåg

«Brevkurs»

«Brevkurs»

Skjermbilde 2015-08-05 kl. 12.35.50

Andreas Petersson
og «Lausungan»
CD
8 songar
Mastra av: Sonovo
Teknikar: Gunnar Tønnesen
Utgitt: juli 2015