Ein Midtsommarfest er over

Det går frykteleg fort når ein har det kjekt. Slik kjennest det ut etter 14 dagar med Midtsommarfest i Tysvær. Svært mange vellukka arrangement er nå historie, og det er minna som er igjen.

Ytterpunkta frå Ylvis til vandringa til Milorg-hytta på Fot viser noko av styrken til vår eigen sommarfestival. Det er noko for liten og stor, ung og gammal.
Det er lett å hylle ein festival som trekk så mykje folk, til så mange forskjellige typar arrangement. Det som har vore ekstra kjekt dette året er alle dei positive tilbakemeldingane som har komme, også til oss.
For ein må på mange måtar tolke ideen bak denne sommarfesten. Dette er ikkje ein stor musikkfestival med nasjonale og internasjonale artistar. At mange ønskjer seg ein slik ein også til Tysvær, får me spele vidare til dei som driv med slikt.
For kritikarane, og ja dei finnest, meiner at «vår» fest er ein seniorfest, og at tilbodet til ungdom og unge vaksne er for dårleg. Og kanskje er det akkurat det. For når ein møter opp på arrangement så er det som oftast dei same som går igjen, og mange av dei er godt vaksne.
Men då kjem ein inn på det å skjønne kva Midtsommarfesten er. I Tysvær har det vist seg å være svært vanskeleg å lokke folk mellom 15 og 40 år ut på kulturarrangement. Sysco Arena har hatt spennande konsertar spesielt retta mot dette publikummet, utan at det har tatt av. Ser ein bort frå UKM, så er det lite unge folk å treffe når noko skjer.
Det må faktisk arrangørar ta høgde for. Kven tør å arrangere noko som helst for ei aldersgruppe, som svært ofte er fråverande.
Vær nå heller stolte over kva ein klarer å få til i ein kommune med omlag 10.000 innbyggarar, kor kvar bygd og kvart lag er med på festen.
For oss i lokalavisa er det spennande å sjå korleis folk responderer forskjellig på slike arrangement. Nokre er med for å treffe folk, andre fordi dei er levande opptatt av kulturarv. Så er det heile krydra av både sportsarrangement og som nemnt, eit flott show i kommunens storstove med Ylvis-brørne.
Personlege favorittar denne sommaren var Ylvis, BikeBrother NedstrandRittet og den flotte utstillinga til Olav Nygaard i Tysværtunet. Tre arrangement som viser at Midtsommarfesten er kvalitet, og har stor variasjon.
Mange kan nok plukke seg ut slike høgdepunkt, og det var akkurat det som var meininga.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør