Det er i dette området politiet ønskjer tips om folk som har vore på raid på desse holmane.
Det er i dette området politiet ønskjer tips om folk som har vore på raid på desse holmane.

Politiet vil ha hjelp

Det har vore utført skadeverk og gjort innbrott i ei hytte på ein holme i Grindafjorden. Nå vil politiet ha hjelp. Har du sett noko?

Hytta som ligg på ein holme mellom Hodnafjellet og Grindafjord Feriesenter har fått betydelege skadar. Ein båt med nokre ungdommar er observert i området, men så langt står politiet utan spor.
– Det har vore ein del uøsnka hendingar i dette området tidlegare, kor også naust har hatt uønska besøk. Me ber folk følge med og ta kontakt med oss, opplyser Tysvær lensmannskontor.
Politiets nummer er: 02800