Johan Eriksen Kringeland kjører i svart og oransje når han er i aksjon. 
Foto: Rune Eikeland/RM foto
Johan Eriksen Kringeland kjører i svart og oransje når han er i aksjon, saman med Kringelandtellus.

Tar nye skritt mot toppen

Johan Kringeland Eriksen er saman med Alexander Søderlund dei «hottaste» Tysvær-utøverane me har for tida. I går kveld susa Kringeland Eriksen og hesten «Kringelandtellus» inn til ein ny siger i V5-spelet på Forus. I tillegg sikra kusken seg ein 2. plass med hesten «Rødmyrsfakså».

Det blei litt pengar i kassen på Forus for hestane kjørt av den talentfulle grindebuen. Innsatsen er eit nytt steg mot «eliten» av norske kuskar.
Kringeland Eriksen stilte til start med sju hestar og kjørte inn 29.500 i løpet av nokre timar.

1. plass med Kringelandtellus
2. plass med Rødmyrsfakså
5. plass med Diamond Va Bene
6. plass med Alo Angel
6. plass med Whatwouldtheysay
6. plass med Boen Odin
7. plass med Dijons Meister

LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2015/06/29/ny-seier-for-kringeland-eriksen/