I morgon opnar Førretunnelen igjen, ei veke før planlagt. Foto: Steinar Rullestad, Statens vegvesen
I morgon opnar Førretunnelen igjen, ei veke før planlagt. Foto: Steinar Rullestad, Statens vegvesen

Førrestunnelen opnar fredag

Trafikantane får ein sikrare tunnel når tunnelen opnar fredag 3. juli klokka 13:00.
Førrestunnelen på E134 har vore stengt sidan 2. mars. Tunnelen har mellom anna blitt utvida og fått nye lys.

«- Arbeidet med tunnelen har gått veldig bra, og entreprenør og underentreprenørar har vore veldig løysingsorienterte. Mykje arbeid er gjort på kort tid, så all ære til alle som har stått på for å få arbeidet ferdig, seier Steinar Rullestad i Statens vegvesen.
Sjølv om tunnelen opnar fredag, må trafikantar vise omsyn. Anleggsarbeidarar jobbar framleis utanfor tunnelen mot Frakkagjerd. Fartsgrensa i anleggsområdet blir 40 kilometer i timen så lenge det er arbeid i området.