Personane i valkampen

I august 1961 kom Barack Obama til verda. Faren var svart og mora kvit. Berre det var kontroversielt nok på den tida. At faren, Barack Hussein Obama sr. var muslim som seinare blei ateist, har ikkje gjort bakgrunnen til USA sin første farga president mindre omdiskutert. Heller ikkje at faren forlét han og mora Ann Dunham då Barack berre var to år gammal.

Så, kva er det som har gjort Barack Obama til den han er? Kvifor blei han den første afroamerikanaren som er valt til president i Amerika? Kvifor blei han gjenvalt? Kvifor fekk han Nobels fredspris etter berre eitt år som USA sitt overhovud? Kvifor skriv nettopp han historie?

Emna hans har sjølvsagt mykje av æra for suksessen og populærheita. Han var flink på skulen, studerte statsvitanskap og gjekk ut frå Harvard med toppkarakterar i jusstudiet.

Men… det er mange som har eit godt hovud og tar gode utdanningar. Personen Barack Obama har vel så mykje å seie.

Han har heile tida vore open om fortida si, om livet sitt, familien sin… han har aldri vore vinglete, men alltid like klar. Klar i kva han trur på, kva han vil for landet og folket sitt. Klar i kva han vil kjempe for og kva han er bestemt på å oppnå. Han er på mange måtar notidas JFK.

No skal me vere forsiktige med å samanlikne norske politikarar med amerikanske. Men, me kan lære noko. For det handlar om å gi av seg sjølv. Det handlar ikkje berre om å selje ein bodskap, men også ein person. Politikken bør og må vere ein stor del av politikaren. Det må vere personleg nok til at folk trur på det. Og folk må tru på det fordi det er ekte. Ikkje fordi det er falske løfter og valflesk. Politikarar må gå til val fordi dei ønskjer å gjere ei endring. Fordi dei trur dei kan gjere ein forskjell, ein forskjell til det betre.

Så då, spør eg dokker – politikarar i Tysvær: Kor er personane i politikken dykkar? Kvifor er nettopp dykkar kandidat til å stole på? Kva er det med han eller henne? Korleis får me eit forhold til denne personen? Kva saker brenn dokker for? Kva er dokker villige til å ofre alt for? Kven vil utgjere ein forskjell?

Det er val om to og ein halv månad. Det er viktig at folk kjenner dokker, dokker som dei skal stemme på. Dei må vite meir om personen/personane som skal regjere i kommunen dei neste fire åra, enn kva dokker meiner om nye vegar og skuleskyss. Dei må få bli kjent med dokker, kven er dokker eigentleg?

Gjennom sommaren trykker me ei spalte som heiter «10 kjappe og ein is». I denne er målet at politikarane skal by meir på seg sjølve. Folk skal få bli kjent med dei, utanom politikken. Men det er vanskeleg å by på seg sjølv – tydelegvis. Den konservative og beskjedne norskheita er kvelande.

Mens Barack Obama opent fortel og farskapskompleks, kokainmisbruk, jenter og forelsking, vågar ingen av våre lokale politikarar å fortelje om sitt første kyss bak skuret i skulegarden, eller om draumedama som dei sjølvsagt tar med seg til ei aude øy, om muligheita byr seg.

Politikarar: det nærmar seg eit val, by på dokker sjølve, våg å vere personlege, vis kven dokker er.

Dokker trenger ikkje sjå til USA eingong, Haugesund er langt nok. Spør dokker sjølve; ville Petter Steen jr. blitt valt igjen, etter Terra-skandalen, om han ikkje var «Petter»?

På tide å selje seg sjølve – saman med politikken. Først då blir det truverdig.

Godt val!

Mona Terjesen, konstituert redaktør