Sindre Gelius Eikje er Noregsmeister i høgde. Her blir han gratulert av konkurrentane etter 2,08 i Steinkjer. Foto: Margit Gelius
Sindre Gelius Eikje blei Noregsmeister i høgde innomhus. Her blir han gratulert av konkurrentane etter 2,08 i Steinkjer. Foto: Margit Gelius

– To lokale håp

To tysværbuar skal kjempe om NM-medaljar når senior-NM gjestar Haugesund.

Av Alf-Einar Kvalavåg
Det blir både vanskeleg og inspirerande å prestere på heimebane for Lars Jøran Storhaug og Sindre Gelius Eikje. Spesielt høgdehoppar Gelius Eikje kjenner på presset før NM-starten.
– Det er heilt fantastisk at me har fått NM til Haugesund og HIL. Likevel kjenner eg at det nå begynner å bygge seg opp skikkeleg med nervar. Dei må eg berre leve med, for dette er noko eg har gleda meg til, heilt sidan NM blei tildelt. Nå blir det terping på detaljar fram til konkurransestart neste helg, seier 21-åringen
10,70
Medan Gelius Eikje ladar opp til NM med alternativ trening så kjører sprintaren Lars Jøran Storhaug på med stemner for full maskin. I går var han i Hyen i Sogn, til helga går turen til Sverige. Etter oppløftande 10,70 på 100 meteren på Lillehammer 21. juni, struttar han av sjølvtillit.
– Eg er ein slowstartar om ein kan bruke eit slikt uttrykk. Eg treng å konkurrere meg i form. I Haugesund blir det både 100 og 200 meter på meg. Under eit NM i sprint kan alt skje og det vil garantert skje noko også når eg kjem til heimlege trakter. Den som held seg unna skader og tull, kan hente med seg medaljar, seier Storhaug, som i fjor blei nummer fire på 100 meter og var ein av NM sine store positive overraskingar.

Les heile saka i papirutgåva.