Helene Varland (33) fra Sandnes har flyttet til Borgøy for sommeren, for å holde liv i det populære sjøhuset ved kaikanten. 
Foto: Karina Søvik
Helene Varland (33) fra Sandnes har flyttet til Borgøy for sommeren, for å holde liv i det populære sjøhuset ved kaikanten.

Fryktar befolkningsdaud

Bebuarane på Borgøy fryktar for framtida på øya, når kommunen sett inn den nye, reduserte skyssdrifta.

Av Mona Terjesen
1. september skal det nye skysstilbodet mellom Steinsvik og Borgøy vere oppe å gå. Kommunen er i desse dagar midt i jobben med å gjennomgå søknadar frå folk som vil syte for båtruta.
– Me er ute etter nokon som kan transportere folk eit par dagar i veka, samt i helgene. Båten må ta 12 eller færre passasjerar. Kontrakten dei får med oss varer i fem år, med moglegheit for forlenging. Ein kan gjerne ha dette som attåtnæring. Om for eksempel ein pensjonist ønskjer seg ein liten jobb, så kan dette passe ypparleg. Me ønskjer nokon som kan tilby eit heilårstilbod, og det er den som kjem med det beste tilbodet totalt sett som vinner anbodet og får jobben, fortalte innkjøpsansvarleg i Tysvær kommune Anne Dagsland, då dei lyste ut stillinga tidleg i sommar.
Utfordringar
Etter at fylkeskommunen kutta støtta, står som kjent kommunen aleine med rekninga for Borgøy-skyssen. Nyleg blei det kjent at Tysvær går inn med 700.000 kroner, trass i at kommunen ikkje lovmessig er plikta til å betale. For pengane får dei altså skyss eit par dagar i veka, samt helgene. Dette er ikkje på langt nær nok, om det framleis skal bu folk på øya, meiner Borgøy Bygdelag.
– Me var godt nøgde med Haugaland Skyssbåt, og skulle veldig gjerne behaldt tilbodet. Korleis skal folk kunne bu på øya med skyss berre nokre dagar i veka? Korleis skal utrykkingspersonell komme seg til og frå øya? Kva gjer folk om dei treng lege, heimehjelp, brannmannskap eller berre skal ein tur til tannlegen? Særleg vanskeleg blir det på vinteren når Hattarvågen frys og privatbåtane ikkje kjem fram, seier Knut Olav Hettervik.