Har me lov til å klage?

Hei, kjære leser av Bygdebladet. Me er innom nokre dagar på jobb slik at du får ein oppdatering på kva som skjer i sommar-Tysvær.

Så tar me ei siste veke med ferie, før me er tilbake for fullt 6. august. Det betyr at det ikkje er avis neste veke i postkassen din.
Dei aller fleste meldingane og e-postane som låg og venta på meg handla om vêret. Regn og kulde har tydelegvis ikkje gjort godt for det elles så gode humøret me har i vårt distrikt. For når det er rundt ti grader bikkar det ofte over når ting ikkje er på stell. Då blir nedslitne rundkjøringar og attgrodde turstiar meir enn ein bagatell. Då heng me oss opp i dårlege jordbær og dyr utepils, som må drikkast inne.
Spørsmålet er om me har lov til å klage?
Me har vel framleis det. At fruktbøndene ser at avlingane går dukken og druknar er sjølvsagt alvorleg og trist. At turistane lurar på kva ein kan gjere på Vestlandet når fossar og fjelltoppar er dekka av eit tungt skydekke, er også dårleg reklame for vårt vakre land.
Heldigvis er det dei som klarar å tenke fordi om det er surt og kaldt, og som legg sjela si i at det skal skje noko også om sommaren. Hervik inviterar til Hervikdagen og mykje moro nå i helga. Toppløp og fiskekonkurranse er noko av det som står på programmet. Slikt engasjement er viktig for Tysvær, og me har sagt det før. Det skjer mykje spanande i bygdene våre.
I Nedstrand vil ein i helga teste ut Tollbua som konsertlokale. Tenoren Ole Morten Velde kjem på besøk. Eit nytt spanande tiltak i den aktive bygda.
I slutten av månaden bør du finne fram stoppeklokka og ta turen til det nye friidrettsstadionet i Haugesund. To tysværbuar skal kjempe om medaljar under senior NM. Lars Jøran Storhaug og Sindre Gelius Eikje stiller til start i sprint og i høgde. I skikkeleg ruskevêr kan dei to vere med å kjempe om medaljar, vestlendingar som dei er.
Om ikkje det akkurat er jubel for den kalde sommaren, så kan dei som driv med gratis sommarkino glede seg over at svært mange finn trøyst i mørket i Tysværtunet.
Me kan dessverre ikkje hjelpe dei som syt og klagar, men om det er ei fattig trøyst, så var det ikkje sommar og sol der me ferierte heller. Men me er født optimistar og kryssar fingrane for sol og varme dei neste vekene.
Det gjer noko med oss, positivt og motiverande. Og det treng i alle fall me avisfolk, før me skal inn i dekninga av ein hektisk valkamp, kor det nye kommunestyret i Tysvær skal på plass.
Me snakkast i august, men sjekk våre heimesider. Der er det alltid eit eller anna som skjer.
Framleis god sommar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør