Lars Jøran Storhaug var fem hundredelar frå ein semifinale på 100 meter under NM i Haugesund på 100 meter. Even Meinseth Sørild (t.h) vann heatet, medan Øystein Klareng (t.v) blei nummer tre. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Lars Jøran Storhaug har vært i Oslo og løpt blant annet 100 meter i helgen. Han ble nummer fire. Even Meinseth Sørild (t.h) vant. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Maks uflaks for Lars Jøran

Lars Jøran Storhaug kom seg ikkje vidare frå forsøksheatet på 100 meter. – Utruleg bittert å konstatere at dette ikkje var godt nok til ein semifinale. Beina var gode og dagsformen eigentleg bra. Men eg fekk ikkje fram det litle ekstra som måtte til for å bli blant dei to beste, sa Storhaug, etter 4. plassen og 10.86,

Det var ein svært skuffa Storhaug som søkte trøyst hos trenar Torleif Berg etter løpet.
– Det er utruleg små marginar som tel på ein 100-meter og Lars Jøran hadde stang ut i dag. Han sitt heat hadde også minst medvind, noko som gjorde at hans tid heller ikkje var god nok blant dei som gjekk vidare på tid. Eg kan ikkje peike på noko som var galt, men det var likevel ikkje godt nok, sa trenaren.
– Akkurat nå er det forferdeleg tungt. Eg hadde god kjensle før start, og alt låg til rette for gode tider i den sterke medvinden. Men akkurat når me skulle i aksjon roa det seg og me hadde berre 1.1 i medvind, noko som også er godkjent vind, medan andre var oppe i nesten 3.0 meter medvind i sek. Trist, men slike marginar er det i denne øvinga, sukkar Storhaug.
– Kva nå?
– Nå er eg ekstra tent framføre 200 meteren på sundag, samt stafetten med Skjalg. Eg ser eg treng ein del starar i beina før eg er på topp. Kanskje var det ein av grunnane til at eg nå er skuffa og utslått, og kjører heim til Falkeid og slappar av. Eg orkar ikkje å sjå meir av dette, sa Lars Jøran Storhaug.

Jaysuma Saidy Ndure, BUL, IL vann forsøket på 10,26. Finale er i ettermiddag.

Meir om sprintaren vår i papirutgåva på torsdag.