Skjalg blei nummer to på 1.000 meter stafett: Frå venstre: Mike Lubsen, Mathias Hove Johansen, Simen Tjelta Larsen og Lars Jøran Storhaug. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Skjalg blei nummer to på 1.000 meter stafett: Frå venstre: Mike Lubsen, Mathias Hove Johansen, Simen Tjelta Larsen og Lars Jøran Storhaug. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Runda av NM som ein av sølvgutane

Lars Jøran Storhaug frå Falkeid og Skjalg hadde både gode og dårlege opplevingar under friidretts NM i Haugesund. Men i den aller siste finalen blei det medalje på hurtigtoget i saman med lagkompisane i Skjalg. Vinnarane Norna Salhus var det lite å gjere med, men sølv smakte godt. – Heilt klart. Både for meg og dei andre sprinterane i klibben. Dette var stort for oss, og ei flott avslutning på NM-helga, seier Storhaug.

Tysværbuen tok seg av andre etappe på 200 meter. Han gjorde ein flott etappe og sprang Stavanger-laget opp på ein andreplass, dei holdt stafetten ut.
– Det kjentes godt ut og eg hadde fullt fokus framover, og såg ikkje rundt meg. Det blei ein jamn og dramatisk stafett, og eit sølv er flott å ta med seg. Spesielt for meg som har hatt litt stang ut, seier Storhaug.

Tysvær Bygdeblad har vore tett på Tysvær sine to utæverar denne helga. Les korleis dei har hatt det under NM, i papiravisa på torsdag. Me trefte også fleire friviljuge under NM, med tilknytting til Tysvær.

Karsten Warholm og Isabelle Pedersen fekk Kongepokalane.

Isabella Pedersen

Isabella Pedersen