Stolte 1. klassinger ved Førland skole. Foto: Foto: Linda Madsen
Stolte 1. klassinger ved Førland skole. Foto: Foto: Linda MadsenBilde 1 av 6
Skjermbilde 2015-08-20 kl. 12.16.49
Bilde 2 av 6
Skjermbilde 2015-08-20 kl. 12.17.04
Bilde 3 av 6
Skjermbilde 2015-08-20 kl. 12.17.12
Bilde 4 av 6
Skjermbilde 2015-08-20 kl. 12.17.22
Bilde 5 av 6
Skjermbilde 2015-08-20 kl. 12.17.32
Bilde 6 av 6

Flott oppstart på Førland skule

Lærarar og andre tilsette sto spent oppstilt framme. Etter lang tid med førebuing var det endeleg tid for å treffe elevane igjen. Mange foreldre hadde og tatt turen og saman med elevane på skuleplassen då det ringte inn.

Rektor Morten Salvesen ønskja velkommen til nytt skuleår og presenterte dei ansatte på skulen. Heile fire nye lærarar var på plass.
Tradisjon tro song vaksne og elevar Førland sin «Skulesong», skrive av Dagfinn Engen i si tid.
Så blei kvar enkelt elev ønskt velkomen til nytt skuleår og handhelsa på rektor og lærar. Sjølvsagt starta dei med dei mest spente elevane – dei 16 nye elevane i 1. klasse. Når heile klassa sto oppstilt framme blei det tekkne mange bilete, før dei fekk stor applaus frå publikum. Kontaktlærar Lise Flægstad tok klassa si til klasserommet med like spente foreldre på slep.
Resten av klassane blei ropt opp på same måte, men ein ekstra velkomst til 7. klasse.
Då alle elevane hadde gått inn held rektor eit lite infomøte for foreldra på 1. trinn. FAU ved Sissel Bådsvik opna Gratis-kafè for foreldra og elevane i gymsalen. Og så var det nye skuleåret i gong igjen.

Innsendt fra Førland Skole