Elias  Kerchaoui skåra eit fantasimål mot Djerv 1919 i Grinde. Men det blei Djerv 1919 som kunne juble til slutt. Foto: Joachim Kvalavåg
Elias Kerchaoui skåra eit fantasimål mot Djerv 1919 i Grinde. Men det blei Djerv 1919 som kunne juble til slutt. Foto: Joachim Kvalavåg

Fantasimål av Elias var ikkje nok

Elias J. Kerchaoui smelte i veg eit skott frå 25 meter som suste i krysset, og var med å snudde kampen mot Djerv 1919. Til slutt var det likevel Are Søderlund og Djerv 1919, som kunne juble for 3-2-siger i Grinde.

– Eg kommer nok til å hugse det målet ei god stund. Eg kjente det allereie i det eg trefte ballen, at dette kom til å bli noko stort. Drøymetreff, men likevel berre fattig trøyst, når me taper ein så jamn kamp, seier midtbanespelaren frå Førre.
Skjold hang ikkje med dei første 20 minuttane og Djerv 1919 tok fortent leiinga. Men så kom heimelaget meir med. Og mot Djerv 1919 er det lett å vite når ein spelar godt. Då haglar det med ukvemsord, og stemninga både på og ved siden av banen, blir skikkeleg usympatisk hos haugesundarane.
Og i den gode perioden slo altså Kerchaoui til. Berre to minuttar seinare, etter ein times spel, var det Sander Hettervik som skåra sitt første etter returen til Skjold. Djerv virka sluttkjørte, men klarte å reise seg akkurat nok til at det blei ein ny siger, og tre poeng.
– Det var ein kamp kor me begynte best. Så veit eg eigentleg ikkje kva som skjedde, for Skjold tok heilt over. Mot slutten orka me meir enn dei og fekk ein straffe som eg tok. Eg visste at han der «keeperduden» (Håkon Bådsvik) visste kor eg brukar å skyte, så eg tok ein straffe til høgre i staden for til venstre. Herleg, for nå er me framleis med, seier Are Søderlund.
Viktig
Sigeren var utruleg viktig for Djerv 1919 i toppen av tabellen. For SKjold handlar det nå om å gjere gode prestasjonar og la fleire få sjansen til å spele.
I kveld fekk Roald Berge sin debut på a-laget.
– Det er viktig at dei som er med får prøve seg og kjenne på nivået. Roald er ein anvendeleg spelar som fortente å få sjansen. Litt bittert er det å tape ein slik kamp, men me skal vere nøgde med den innstasen me viste mot topplaget. Det er sjølvsagt kjekkare å vinne 10-0 mot Vats94/Skjoldar, men prestasjonane i dag var nok høgare, likevel, seier trenar Dagfinn Fjellet.
Tysværbuen Håkon Kvia fekk sju minuttar for Djerv 1919.

Meir om kampen og spelarbørs i avisa neste veke.

Skjold – Djerv 1919

Skjold 2 (0)
Djerv 1919 3 (1)
4. div. avd. 3
Grinde stadion
0-1 Sindre Kringlebotten (13)
1-1 Elias Kerchaoui (57)
2-1 Sander Hettervik (59)
2-2 Morten Knutsen (72)
2-3 Are Søderlund (str.82)
Dommar: Ole Petter grindheim, Haugar
Tilskodarar: 150